Hopp til innhald

Fagstoff

Diaré

Avføring som er laus, vassen og hyppig blir kalla diaré. Tilstanden oppstår når tjukktarmen syg for lite væske ut av tarminnhaldet. Diaré kan òg komme av at for mykje væske nokre gonger blir skild ut av tarmcellene, eller at tarminnhaldet passerer tarmen for raskt.
Ein person sit på toalettet og strekker seg etter toalettrullen som står på golvet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Uansett årsak fører diaré til at maten blir ufullstendig fordøydd i tarmen. Dermed får ikkje personen i seg dei næringsstoffa som er nødvendige for å dekke behova til kroppen. Som følge av dette kan personen få redusert allmenntilstand og nedsett immunsystem.

Diaré gjer samtidig at kroppen mistar væske, salt og sukker. Personen er derfor i fare for dehydrering ved diaré.

Diaré går vanlegvis over av seg sjølv etter eit par dagar. I nokre tilfelle blir det nytta legemiddel. Dersom allmenntilstanden er svært redusert, bør ein kontakte lege.

Diagnostisering

Mange opplever frå tid til anna at avføringa kan vere laus. Diaré blir kjenneteikna ved at ein har meir enn tre tømmingar i løpet av eitt døgn, med laus til vassen avføring. Dette blir kalla akutt diaré. Viss det held fram i meir enn fire veker, blir det kalla kronisk diaré.

Årsaker

Diaré kan skuldast bakterie- eller virusinfeksjon (enteritt eller gastroenteritt). Mikrobane kan komme frå infisert vatn, mat eller via ein annan person med diaré.

Smitte frå person til person skjer ved direkte eller indirekte smitte. Viss du rører noko som den sjuke har teke på, før du tek deg til munnen, blir mikroskopiske delar av avføringa til den sjuke overførte inn i fordøyingssystemet ditt. Ved mangelfull handhygiene etter toalettbesøk kan du òg bli sjuk av mikrobar frå di eiga avføring. Dette blir kalla fekal-oral smitte, som betyr "avføring til munn"-smitte.

Diaré kan òg komme av

  • reaksjon på bestemde matvarer

  • biverknad av medisinar

  • psykiske påkjenningar

  • forstopping (obstipasjon)

  • allergi

Endringar i tarmfloraen (normalflora), som består av ulike bakteriar, virus, sopp og andre mikroorganismar, kan gi diaré. Sjølv om antibiotikum er det mest problematiske, viser forsking at mange andre legemiddel òg hemmar veksten av naturlege bakteriar i tarmen.

Observasjon

Helsefagarbeidaren må observere hyppigheita og mengda avføring. Konsistens, lukt og farge må òg dokumenterast. Diaré fører til væsketap og fare for dehydrering. Urinen kan bli mørk og konsentrert. Helsefagarbeidaren må derfor ikkje berre observere avføringa til pasienten, men òg urinen.

Andre viktige observasjonspunkt er:

  • Har pasienten smerter eller er kvalm?

  • Korleis er tilstanden på huda rundt endetarmsopninga? Er ho raud og sår?

  • Et og drikk pasienten under perioden med diaré, eventuelt kor mykje?

  • Klarer pasienten å halde på noko mat og drikke?

Tiltak

Væsketilførsel

Å få tilført pasienten nok væske er det viktigaste tiltaket. Ein vaksen person bør drikke mellom 1,5 og 2 liter væske kvar dag. Du som helsefagarbeidar må informere pasienten om at ved diaré aukar behovet for væske, fordi så lite av det ein får i seg, faktisk blir teke opp i kroppen. Mjølk, kaffi og sure drikkar bør unngåast fordi det irriterer tarmen. Mineralvatn og tilsvarande drikkar inneheld salt og bidreg til å erstatte salttapet. Ved langvarig eller kronisk diaré vil lege avgjere om pasienten treng å få tilført væske intravenøst.

Ernæring

For personar med god allmenntilstand toler kroppen nokre dagar med lågt næringsopptak på grunn av diaré. Likevel er det viktig at pasienten prøver å få i seg adekvat ernæring for å få cellene i tarmen til å komme seg igjen. I tillegg er det viktig å få dekt behova kroppen har for næring. Akkurat kva pasienten et, er derimot ikkje det viktigaste. Det handlar om å tilby det pasienten føler for og klarer å få i seg. Generelt bør pasienten i størst mogleg grad unngå feit og steikt mat, drikke med kolsyre, rå grønsaker, frisk frukt, heile nøtter, sterkt krydder og fiberrike matvarer som brokkoli, mais, bønner, erter, kål og blomkål.

Pasientar med diaré bør

  • ete lite til kvart måltid

  • velje kost som er lett å fordøye

  • tilføre litt ekstra salt i mat og drikke

Førebygge sår

Vask med såpe med låg pH-verdi i staden for toalettpapir som kan irriterer huda når pasienten ofte har avføring. Vassavstøytande salve rundt endetarmsopninga kan bidra til å forhindre sår hud. God hygiene nedantil ved diaré motverkar faren for urinvegsinfeksjon.

Førebygge smitte

Dei fleste tarminfeksjonar er svært smittsame. Som helsefagarbeidar er det viktig å følge basale smittevernrutinar for å bryte smittekjeda.

Bruk alltid hanskar, stellefrakk og munnbind ved stell av pasientar med diaré. Utfør handdesinfeksjon og handvask hyppig.

Utfordringar til deg

  1. Kva er årsaker til diaré?

  2. Kvifor er det viktig å få i seg nok væske ved diaré?

  3. Kva må du som helsefagarbeidar observere når ein person har diaré?

  4. Kva kan langvarig diaré føre til?

Kjelde

Helsebiblioteket. (2019, 18. juni). Diaré hos voksne. https://www.helsebiblioteket.no/pasientinformasjon/infeksjon/diare-hos-voksne

Norsk Helseinformatikk. (2021, 6. desember). Diaré, akutt, veiviser. https://nhi.no/symptomer/barn/diare-akutt-veiviser/?page=all

CC BY-SASkrive av Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Sjukdom og plager i fordøyingssystemet