Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Symptom frå fordøyingssystemet

Diaré, kvalme og oppkast kan ha mange ulike årsaker, og i denne oppgåva får du moglegheit til å utforske desse tilstandane.
Hender under rennande vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diaré

  1. Vanlegvis oppstår diaré på grunn tarminfeksjonar. Men paradoksalt nok kan diaré òg vere ein konsekvens av forstopping (obstipasjon). Forklar korleis dette heng saman.

  2. Normalfloraen på huda og i tarmen er viktig for immunsystemet. Mennesket kan ha fleire kilo bakteriar i tarmen, som alle utfører viktige oppgåver.

    1. Nemn og forklar nokre av desse oppgåvene.

    2. Kvifor påverkar antibiotikum normalfloraen på ein negativ måte?

  3. Les artikkelen frå Universitetet i Bergen om transplantasjon av avføring frå ein annan person, og svar på desse spørsmåla:

    1. Kor mange i Noreg lir av irritabel tarm?

    2. Kva symptom og konsekvensar gir irritabel tarm?

    3. Korleis blir avføring frå ein person overført til tarmen til ein annan pasient?

    4. Kvifor har den typen transplantasjon positiv verknad på tarmen?

Kvalme og oppkast

  1. I tarmen finst det fleire bakteriar enn det samla talet celler i heile kroppen vår. Desse snille bakteriane utfører mange viktige oppgåver, som å produsere vitamin K og vitamin B12. Dessutan er desse tarmbakteriane ein del av normalfloraen og immunforsvaret vårt. Kvifor er det slik at enkelte andre bakteriar skaper sjukdom og oppkast viss vi får dei i oss?

  2. Når pasienten er kvalm, er det ikkje tilrådd å ete mjølkeprodukt og feit mat. Finn ut kva matvarer som blir tilrådde ved kvalme og oppkast. Teikn desse på A3-ark og forklar med stikkord på plakaten kvifor dei er tilrådde.

CC BY-SASkrive av Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Sjukdom og plager i fordøyingssystemet