Hopp til innhald

Fagstoff

Obstipasjon

Det er ikkje lett for pasientar å snakke med helsepersonell om noko så privat som avføring og eventuell avføringsproblematikk. Derfor er det viktig at helsefagarbeidaren tek initiativ til slike samtalar.
Toalettdør med hjarte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når avføringa er fastare, kjem sjeldnare enn vanleg og ein har vanskar med å få tømt seg, kallar vi tilstanden obstipasjon (forstopping). Dette er ingen sjukdom, men eit symptom på forstyrringar eller unormale tilstandar som hemmar den normale tarmpassasjen.

Vi skil mellom to typar av obstipasjon:

  • colon-obstipasjon: Fekalmassen (avføringa) blir skyvd fram og tilbake i tarmen utan at tarminnhaldet blir tømt.
  • rektum-obstipasjon: opphoping av hard fekalmasse i endetarmen

20 prosent av befolkninga er plaga av obstipasjon. Tilstanden er vanleg hos eldre og rammar dobbelt så mange kvinner som menn.

Symptom

Det finst mange gradar av obstipasjon, frå lette vanskar med å få tømt tarmen til fullstendig stopp. Symptoma varierer derfor frå pasient til pasient.

  • Trong til avføring, men ein får ikkje pressa avføringa ut.
  • Avføringsmønsteret er endra, og ein får ikkje tømt seg så ofte som vanleg.
  • Avføringa kjem i harde knollar.
  • Smerter i magen og endetarmen.
  • Kvalme, eventuelt brekningar, og nedsett matlyst.
  • Obstipasjonsdiaré. Tarmen er full av avføring, og tarmen klarer ikkje lenger å suge opp væske slik han skal. Tyntflytande avføring kan då renne ut forbi avføringsproppen og komme ut av endetarmen. Det er viktig å ikkje feilbehandle denne tilstanden som diaré, for då blir obstipasjonen forverra.
  • Fekale brekningar. Tarmpassasjen er heilt stoppa opp, og pasienten kastar opp tarminnhald.
  • Allmenntilstanden er nedsett, pulsen er høg og pasienten er klam og sveitt.
  • Uro kan vere eit teikn på obstipasjon hos pasientar som er utan språk

Førebygge og behandle

For å kunne førebygge og behandle obstipasjon er det viktig å få informasjon frå pasienten.

Aktivitet og kvile

Fysisk aktivitet stimulerer tarmperistaltikken. Det er tilrådd å vere i aktivitet i minst 30 minutt kvar dag.

Ein helsefagarbeidar må hugse på at all aktivitet er positiv. Ein sengeliggande pasient kan få passiv aktivisering når han eller ho blir snudd i senga, og når han eller ho får hjelp til å røre på armar og bein.

Ernæring

  • Slaggrik plantekost som til dømes heilkornbrød og råkost gjer avføringa fyldigare. Det har ein positiv verknad på tarmfunksjonen.
  • Frisk og tørka frukt, som til dømes pærer, mjuk mango, plommer, svisker og fiken, stimulerer tarmperistaltikken. Hard frukt og sitrusfrukter er ikkje tilrådeleg i kosthaldet
    til obstiperte.
  • Ein bør dele opp grønsaker og frukt. Grunnen til det er at slike matvarer kan klumpe seg i tarmen.
  • Rikeleg drikke gjer avføringa mjukare. Ved inntak av fiber er det viktig at pasienten drikk rikeleg, slik at fiberen svell ut og hjelper til med transporten av mat og avføring i tarmen. Dersom pasienten ikkje aukar væskeinntaket ved inntak av fiber, syg fiberen opp den væska som er der. Det forverrar obstipasjonen.

  • Svisker og linfrø som har svolle over natta i eit glas vatn, kan få fart på avføringa.
  • Vi bør unngå matvarer som bananar, blåbærsaft, nøtter og popkorn fordi dei kan gi obstipasjon. Det kan òg fruktskal og grønsaker med lange trevlar.

Eliminasjon

  • Det er viktig at pasienten får vere usjenert og kan bruke god tid på å få tømt seg.
  • Pasienten får tømt seg best når han eller ho kan gjere det på toalettet og får bruke bukpressa under tømmeprosessen. Dersom pasienten må gjere det i senga, er det viktig å plassere bekkenet slik at det ikkje er ubehageleg for pasienten. Hev hovudenden på senga slik at pasienten kjem opp i tilnærma sitjestilling.
  • Dersom pasienten må bruke medikament for å få tømt seg (rectiol, stikkpiller eller klyx), er det viktig at pasienten held litt på medikamenta før han eller ho pressar avføringa ut. Då verkar medikamenta best. Informer pasienten om dette.
  • Når pasienten bruker medikament for å få tømt seg, skal ho eller han ha tilsyn, sidan tømmingsprosessen kan vere ei stor påkjenning for kroppen.
  • Ein sjeldan gong skjer det at pasienten må plukkast for avføring. Dette er svært ubehageleg for pasienten, og det må gjerast på ein omsynsfull måte. Pasienten bør ligge på venstre side med enden langt ut på kanten av senga. Under plukking må helsepersonell bruke hanskar med eksplorasjonskrem eller olje slik at prosedyren blir så smertefri som råd.

Smerter

Dersom pasienten er obstipert, kan det oppstå sterke smerter i endetarm og nedre del av magen. Desse smertene kan gjere det vanskeleg å få tømt seg. Då er det viktig at pasienten får smertestillande i god tid før tømming av tarmen.

Observasjon og rapport

  • Helsefagarbeidaren skal dagleg observere om pasienten har hatt avføring.
  • Mengde, lukt, farge og konsistens på avføringa må observerast.
  • Helsefagarbeidaren har ansvaret for å observere verknad og eventuelle biverknader av legemiddel ved obstipasjon.
  • Observasjonane skal rapporterast.

Utfordringar til deg

  1. Kva tyder obstipasjon?
  2. Kva for symptom kan ein person med obstipasjon ha?
  3. Kvifor trur du fysisk aktivitet verkar positivt på denne tilstanden?
  4. Drøft kva kosthaldet har å seie ved obstipasjon.
  5. Kvifor trur du det kan vere vanskeleg å snakke med nokon som har problem med eliminasjonen?
CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Sjukdom og plager i fordøyingssystemet