Førebygging og behandling av obstipasjon
Kva er vanlege årsaker til obstipasjon?
Kva er symptom på obstipasjon?
Kva behandling kan bli gitt ved obstipasjon?
Kva for nokre alvorlege sjukdommar kan obstipasjon vere teikn på?
Pasienten kan bli klam og sveitt når vedkommande er alvorleg obstipert. Kva kan vere grunnen til dette?
Lag eit undervisningsopplegg for elevar på vg1 helse- og oppvekstfag om obstipasjon/forstopping. Bruk gjerne film, teikningar og bilete som viser det du vil formidle, og lag gjerne oppgåver og utfordringar til elevane.
Undervisningsopplegget kan innehalde informasjon om:
kva obstipasjon er
normal fordøyingsprosess
optimal sitjestilling når du skal ha avføring
årsaker til obstipasjon
sjukdomstilstandar og medisinar som kan gi forstopping
symptom ved obstipasjon
behandling ved obstipasjon, eigentiltak
kva matvarer som inneheld fiber (vis gjerne bilete eller ha med konkretar), og kva matvare som inneheld mest fiber
svisker, væske og fysisk aktivitet
bristol-skalaen (bruk gjerne bilete), og forklar korleis avføring skal sjå ut