Hopp til innhald

Fagstoff

Stomi og stomipleie

På grunn av medisinske framsteg har dei fleste pasientar i dag ein mellombels stomi framfor ein permanent stomi. Dei fleste pasientane lærer seg å stelle stomien sjølve, men ofte treng dei litt hjelp og rettleiing i startfasen.
Helsepersonell demonstrerer stomiutstyr for ei sengeliggande kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg har om lag 10 000 menneske stomi. Det vil seie at det er svært sannsynleg at du i arbeidet som helsefagarbeidar kjem i kontakt med brukarar eller pasientar som har stomi.

Kva er stomi?

Ordet stomi tyder munn eller opning. I medisinsk samanheng blir ordet brukt om ei kunstig kroppsopning der tarmen eller urinvegen er ført ut til overflata av huda. Stomi er den delen som viser på hudoverflata. Stomien blir konstruert kirurgisk ved at ein del av tarmen eller urinleiarane blir leidd ut gjennom ei opning i bukveggen og sydd fast til huda. Meininga med dette er å avlaste eller erstatte eit sjukt organ.

Årsakene til stomioperasjonar kan vere medfødde misdanningar, skadar og ulykker, kreft og kroniske tarmbetennelsar som Crohns sjukdom eller ulcerøs kolitt. Stomien blir laga på magen til pasienten. Kvar han blir plassert, er avhengig av kroppsbygnaden til pasienten og kva slags stomi det er. Avfallsstoffa frå kroppen – urin eller avføring – blir skilde ut via stomien og må samlast opp i ein stomipose.

Ein stomi manglar dei lukkemusklane som elles gjer det mogleg å velje tidspunkt for eliminasjon (tømming) av urin eller avføring.

Ulike typar stomi

Det finst fleire typar stomiar, og dei har fått namn etter det organet som er ført ut gjennom huda.

Kolostomi

To teikningar. Den eine viser tjukktarmen og stomien som eit raudt felt, mens den andre teikninga viser stomiposen som heng utanpå huda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Årsaka til inngrepet bestemmer kvar på tjukktarmen stomien blir plassert, men han blir vanlegvis lagd på venstre side av magen. 1–2 cm av tjukktarmen blir ført ut gjennom bukveggen, vrengd og sydd fast til huda. Stomien er difor fuktig og har same rosa farge som innsida av tarmen. Det er inga nerveforsyning til stomien, så person med stomi kjenner verken smerte i stomien eller at ein berører han.

Kvar stomien er plassert, bestemmer volum og konsistens på avføringa. Di lenger ned på tjukktarmen stomien er plassert, di fastare er avføringa. Tjukktarmen tømer seg spontant opptil fleire gonger kvar dag. Avføringa blir samla i ein lukka pose som ikkje kan tømmast.

Det finst alternativ til å bruke pose for dei med utlagd tjukktarm. Desse metodane blir kalla irrigasjon (tømming med klyster) og stomipropp.

Ileostomi

To teikningar. Den eine viser tynntarmen med stomien som eit raudt felt, mens den andre teikninga viser stomiposen som heng utanpå huda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her er det tynntarmen som blir ført ut gjennom bukveggen, vrengd og sydd fast til huda. Stomien blir vanlegvis plassert på høgre side av magen. Stomien er raud og fuktig, og denne stomitypen har heller inga nerveforsyning som gjer at ein kjenner smerter i eller berøring av stomien.

Ved ileostomi er avføringa meir flytande enn ved kolostomi. Det kjem av at avføringa ikkje har passert gjennom tjukktarmen, der overflødig væske normalt blir sogen opp. Di lenger opp på tynntarmen stomien er plassert, di meir flytande er avføringa. Avføringa renn meir eller mindre kontinuerleg, og ho blir samla i ein pose som kan tømmast.

Urostomi

To teikningar. Den eine viser nyrene med urinleiarane festa til ein bit av tarmen og stomien som eit raudt felt, mens den andre teikninga viser stomiposen som heng utanpå huda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Urinleiarane blir løyste frå urinblæra og festa inn i ein del av tynntarmen. Den eine enden blir lukka, mens den andre enden blir ført ut på magen i ein stomi.

Urinen renn kontinuerleg og blir samla i ein urinpose som kan tømmast.

Kosthald

Stomiopererte må prøve seg fram når det gjeld ulike matvarer, og vanlegvis er det ikkje eit problem å ete normalt. Nokre stomiopererte er plaga med tarmgass og at avføringa er for fast eller for laus.

Generelle kostråd for stomiopererte

  • et regelmessig
  • et langsamt og tygg godt
  • drikk rikeleg
  • unngå tungfordøyeleg kost for nyopererte

Matvarer som kan gi illeluktande gassar, er sterkt krydra mat, lauk, egg, kål, skaldyr, sterk ost og fisk.

Alle næringsstoff blir tekne opp i tynntarmen, mens tjukktarmen syg opp væsker og salt. Ileostomiopererte har derfor eit auka behov for væske og salt.

Stell av stomi

Reingjer hendene riktig før og etter gjennomføring av prosedyren. Bruk verneutstyr som hanskar og vernefrakk.

Utstyr

  • stomiplate
  • stomipose
  • saks
  • kompressar
  • barrierekrem
  • tettingspasta eller tettingsring
  • avfallspose
  • vaskevatn

Prosedyre

  • Finn fram utstyret.
  • Tilpass opninga på hudplata til kor stor stomien er.
  • Ikkje riv av den gamle plata, men løys ho forsiktig ved å vaske ho av med kompressar fukta i lunka vatn.
  • Bruk lunka vatn og vask forsiktig stomien og huda rundt. Bruk aldri desinfeksjonsmiddel. Dersom såpe må nyttast, skal surleiksgraden vere låg.
  • Observer stomien og huda rundt.
  • Barber av eventuell hårvekst rundt stomien med håra.
  • Tørk godt.
  • Er huda raud eller irritert, bør vi bruke barrierekrem. La han sitje på nokre minutt og tørk så av overflødig krem. Vi kan òg bruke hudfilm.
  • Fest ny plate eller pose ved å starte nedanfrå.
  • Tettingspasta eller tettingsring kan brukast når ein treng ekstra tetting rundt stomien.
  • Rydd opp og fjern avfallet.

Utfordringar til deg

  1. Kva er ein stomi?

  2. Kva er formålet med ein stomi?

  3. Kva kan årsakene vere til at ein blir stomioperert?

  4. Kva tarmsjukdommar kan vere årsak til at ein må stomiopererast?

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 25.02.2022

Læringsressursar

Sjukdom og plager i fordøyingssystemet