Sjukepleie ved eliminasjon av avføring
Kva betyr omgrepet eliminasjon?
Kva påverkar eliminasjon av avføring?
Kva farge skal avføringa normalt ha?
Kva nemningar skal du som helsefagarbeidar bruke når du skal beskrive konsistensen på avføringa til ein pasient?
Kva kan vere årsaka til smerter ved avføring?
Kva gjer du viss pasienten klagar over smerter eller anna ubehag ved eliminasjon av avføring?
Forklar kva ileus er.
Kva kan det komme av dersom avføringa
er lys
er mørk
er svart og glinsande med stikkande lukt
har stinkande lukt
Beskriv kva observasjonar du som helsefagarbeidar må gjere ved eliminasjon av avføring.
Beskriv korleis du som helsefagarbeidar kan gi hjelp ved eliminasjon av avføring.
Kva samanheng er det mellom ernæring, aktivitet og eliminasjon?
Gå saman i par. Drøft kva haldningar og kunnskapar de må ha for å hjelpe ein pasient ved toalettbesøk. Del det de har komme fram til, med resten av klassen.