Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvalme og oppkast

Kvalme og oppkast er ikkje ein sjukdom i seg sjølv, men ein reaksjon på noko anna. Kvalme er måten kroppen fortel deg at noko er gale på, mens brekningar og oppkast er forsvarsmekanismen til kroppen for å bli kvitt giftstoff.

Kvalme og brekkingar er ofte knytte til akutte og kortvarige sjukdommar. Viss kvalmen varer i meir enn to veker, kan det vere eit symptom på alvorlegare underliggande sjukdommar. I tillegg opplever mange gravide kvalme i den første delen av svangerskapet.

Ved kvalme aukar spyttproduksjonen. Pasienten blir samtidig gjerne bleik fordi blodtrykket ofte fell. Oppkast kan føre til dehydrering og forstyrringar i saltbalansen. Som helsefagarbeidar har du eit viktig ansvar med tanke på observasjon, gjennomføring av tiltak og dokumentasjon når pasientar er plaga med kvalme og oppkast.

Årsak

Tidspunktet for når kvalmen eller oppkast oppstår, kan peike på mogleg årsak. Om kvalmen eller ubehaget oppstår kort tid etter eit måltid, kan det til dømes komme av matforgifting eller magesår. Ved mage-tarm-infeksjonar, til dømes forårsaka av salmonella eller norovirus, kan det gå lengre tid mellom måltid og symptom.

Andre årsaker til kvalme og oppkast kan vere

  • sjukdom eller skade i fordøyingsorgan eller andre organ

  • forgiftingar

  • biverknad av medisinar eller behandling

  • allergiske reaksjonar

  • psykiske påkjenningar

  • svangerskapskvalme

Observasjonar

Tidspunkt og situasjon

Som helsefagarbeidar må du dokumentere når, kor ofte og kor lenge pasienten er kvalm og brekker seg. Skjer det i bestemde situasjonar?

Mengde oppkast

Kastar pasienten opp eller brekker seg utan at det kjem noko opp? Er personen kvalm utan brekkingar og oppkast? Kjem oppkastet plutseleg og med stor styrke? Er det mykje eller lite oppkast?

Utsjånad og lukt

Vanlegvis luktar oppkast surt og inneheld ufordøydde matrestar.

  • Vassent og klart oppkast er magesaft og kan tyde på at magesekken er tom.

  • Grønaktigt oppkast er blanda med galle frå tynntarmen. Langvarige brekkingar kan føre til at tarmsaft blir pressa frå tynntarmen og opp i magesekken.

  • Blodig oppkast kan tyde på bløding i magesekken eller matrøyret.

  • Kastar pasienten opp tarminnhald, er årsaka truleg forstopping i tarmen.

Tiltak

Vedvarande kjensle av kvalme er ubehageleg, slitsamt og kan gjere pasienten bekymra og fortvila. Viss pasienten er uroleg, må du prøve å gjere situasjonen trygg. Du må òg sørge for at det alltid er pussbekken, tørkepapir, avfallspose og eit glas med vatn tilgjengeleg.

Omgivnader

Ved oppkast blir pasienten tappa ofte for energi. Hjelpebehovet aukar. Det er derfor viktig at du hjelper på fleire område. Det inkluderer at omgivnadene på best mogleg måte bidreg til å førebygge og redusere kvalme og ubehag. Dempa belysning og frisk luft i rommet kan ofte verke lindrande. Nokre personar kan reagere på lukt frå til dømes matrettar, parfyme eller blomstrar. Snakk med pasienten og prøv deretter å redusere eller fjerne plagsame sanseinntrykk.

Personleg hygiene

Som helsefagarbeidar skal du hjelpe pasienten med å halde oppe hygienen på best mogleg måte under kvalme og oppkast. Det kan omfatte å

  • skifte sengeklede ved behov

  • sørge for at pasienten ikkje må bevege seg unødvendig, i seng eller på beina, sidan rørsle ofte aukar kvalmen

  • gi pasienten ein kald og oppvridd klut på panna, det kan verke lindrande

  • motivere og tilby munnstell. Det fjernar vond smak og lindrar tørre slimhinner og hindrar dessutan at restar av oppkast kjem ned i matrøyret eller luftvegane.

  • la pasienten få vaske hendene ofte. Adekvat hygiene verkar ofte lindrande.

  • sørge for at pasienten alltid har tilgang til reint pussbekken og søppelpose med tanke på oppkast. Fjern søppel og brukt utstyr omgåande.

  • lufte ut rommet jamleg. Sjenerande lukt kan gjere pasienten utilpass og uvel.

Ernæring

Pasientar som kastar opp, står i fare for å bli dehydrerte. Som helsefagarbeidar bør du derfor føre liste over væskeinntaket (drikkeliste).

Informer pasienten om at det er viktig å erstatte tap av væske og salt. Brus, saft, svak te, iste, buljong, eplemost, smoothie, sports- og næringsdrikkar er døme på drikke som kan vere aktuelle å prøve.

Flytande føde med moderat smak, slik som havresuppe og blåbærsaft, hjelper pasienten med å få i seg næring og væske.

Ofte orkar pasienten berre små slurkar om gongen. Bruk av sugerøyr kan gjere situasjonen enklare for pasienten.

Førebygge smitte

Tarminfeksjonar forårsakar kvalme og oppkast og er svært smittsame. Uansett årsak til kvalme og oppkast skal helsefagarbeidarar gjennomføre basale smittevernrutinar slik som stellefrakk, hanskar, handdesinfeksjon og regelmessig handvask.

Norovirus er ei av dei viktigaste årsakene til utbrot av mage-tarminfeksjonar. Viruset blir spreidd både gjennom dropesmitte og via direkte og indirekte smitte. Ved norovirus skal òg munnbind nyttast.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan vere årsaker til kvalme og oppkast?

  2. Kva tiltak kan hjelpe mot kvalme og oppkast?

  3. Korleis kan du som helsefagarbeidar bidra til å forhindre smitte?

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2018, 27. oktober). Norovirus – anbefalinger ved utbrudd av mage-tarminfeksjoner i helseinstitusjoner utenfor sykehus. https://www.fhi.no/globalassets/dokumenterfiler/trykksaker/norovirus-i-helseinstitusjoner-utenfor-sykehus-2018.PDF

Norsk Helseinformatikk. (2021, 3. mars). Kvalme og brekninger, veiviser. https://nhi.no/symptomer/magetarm/kvalme-og-brekninger-veiviser/?page=all