Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å leve med stomi

Korleis er det å leve med stomi? Dette er eit spørsmål mange lurer på, sidan omtrent 10 000 menneske i Noreg har stomi. Som helsefagarbeidar skal du gi rettleiing, hjelp og støtte til menneske med stomi. Du treng derfor kunnskap om kva det er, og korleis du utfører sjukepleie ved stomi.
Kvinneleg helsefagarbeidar vasker hender. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Det er mange menneske i Noreg som har stomi, men det er framleis nokon som synest det er vanskeleg å snakke om det. Kva kan årsaka vere til det?

  2. Beskriv med dine eigne ord kva ein stomi er. Skriv ned ei forklaring som du kan gi til nokon som aldri har høyrt om det før.

  3. Kva er konsekvensen av at ein stomi manglar lukkemusklar?

  4. Kva er ein kolostomi?

  5. Kva er ein ileostomi?

  6. Kva er ein urostomi?

  7. Kva kosthaldsråd vil du gi ein som nettopp har fått ein ileostomi?

  8. Beskriv sjukepleieprosedyre for stell av stomi.

  9. Norilco er ein interesseorganisasjon for menneske med stomi. Kva kan dei hjelpe medlemmene sine med? Inviter gjerne nokon frå denne organisasjonen til å presentere Norilco i klassen.

Relatert innhald

I kvart organ i fordøyingssystemet blir maten broten ned i mindre og mindre delar. Blodet tek opp dei minste delane gjennom tarmveggen.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir .
Sist fagleg oppdatert 15.02.2024

Læringsressursar

Sjukdom og plager i fordøyingssystemet