Fagartikkel
Fordøyingsprosessen
I kvart organ i fordøyingssystemet blir maten broten ned i mindre og mindre delar. Blodet tek opp dei minste delane gjennom tarmveggen. Nedanfor finn du ei oversikt over kva for prosessar som går føre seg i dei ulike organa.
- Mekanisk oppdeling ved hjelp av tennene i munnen og musklane i magesekk og tarm.
- Kjemisk nedbryting av næringsstoff i munn, magesekk, tolvfingertarm og tynntarm.
- Oppsuging av næringsstoff, absorbsjon, i tynntarm og tjukktarm.
Munn
- Mekanisk nedbryting: Maten blir delt opp når vi tygg. Maten får spytt som gjer han lettare å svelgje.
- Kjemisk nedbryting: Enzym i spyttet spaltar karbohydrat i kortare kjeder.
Svelg
- Mekanisk nedbryting: Svelget pressar maten ned i matrøret.
Matrør
- Mekanisk nedbryting: Peristaltiske (bølgjerørsler) rørsler pressar maten nedover.
Magesekk
- Mekanisk nedbryting: Maten får magesaft som gjer han flytande. Blandinga av mat og magesyre blir elta. Syra i magesafta drep bakteriar.
- Kjemisk nedbryting: Enzym spaltar protein i kortare kjeder.
Tolvfingertarm
- Mekanisk nedbryting: Maten får galle frå levra og bukspytt frå bukspyttkjertelen.
- Kjemisk nedbryting: Gallen finfordeler feittet. Enzym i bukspyttet spaltar næringsstoffa i enda mindre delar.
Tynntarm
- Mekanisk nedbryting: Muskelsamantrekkingar skyv maten framover i tarmen.
- Kjemisk nedbryting: Enzym i tarmsafta spaltar næringsstoffa: Protein blir spalta til aminosyrer. Karbohydrat blir spalta til monosakkarid. Feitt blir spalta til feittsyrer.
- Opptak: Tarmveggen tek opp aminosyrer, monosakkarid og feittsyrer, og dette blir frakta vidare med blodet.
Tjukktarm
- Mekanisk nedbryting: Muskelsamantrekkingar skyv maten framover i tarmen.
- Opptak: Tarmveggen sug opp mineral og vatn, og dette blir frakta vidare med blodet.
Endetarm
- Mekanisk nedbryting: Restane blir lagra og støytt ut som avføring.
I dette filmklippet frå NRK kan du sjå korleis dei ulike tarmane ser ut, og korleis tarminnhaldet endrar konsistens og utsjånad i løpet av fordøyingsprosessen.