Hopp til innhald

Fagstoff

Eliminasjon av urin

Problem med eliminasjon av urin kan hindre livsutfalding. For å observere eliminasjon av urin må du vite kva normal tilstand er, og du må vite kva du skal sjå etter når du observerer urinen.
Urinpose med målestrekar heng på sjukeseng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Helsefagarbeidaren hjelper pasientar under stell og toalettbesøk. Det er i samhandling med pasienten at vi gjennomfører viktige observasjonar. For å kunne observere og dermed førebygge plager og sjukdommar er det nødvendig å ha gode kunnskapar.

Normaltilstand

Det er heilt normalt at ein må på toalettet for å late vatnet 3–10 gonger i døgnet. Eit menneske let 1,5–2 liter urin per døgn. Urinen skal då vere lys, klar, lite konsentrert og lukte svakt. Kor ofte ein let vatnet, varierer frå person til person. Ei gjennomsnittleg urinblære kan halde på cirka 4 dl væske. Blir dette volumet overstige, vil blæra tømme seg automatisk. Vasslatingstrong vil oppstå når blæra rommar 2–4 dl urin.

Observasjonar

Farge

Dersom urinen er mørk, kan det vere eit teikn på at pasienten drikk for lite. Gjennomskyllinga blir då dårleg, og urinen blir mørk. Ved urinvegsinfeksjon kan òg urinen bli mørk. Ved infeksjonar i nyrebekkenet og ved andre sjukdommar i nyrene kan urinen bli mørk eller raudfarga dersom han inneheld blod. Blod i urinen blir kalla hematuri.

Lukt

Ved urinvegsinfeksjon vil urinen lukte sterkt og emment fordi bakteriane skil ut giftstoff. Ved høgt blodsukker kan urinen lukte aceton. Dersom pasienten drikk for lite, kan urinen bli konsentrert og lukte sterkt.

Konsistens

Hos dehydrerte pasientar vil urinen ha tjukkare konsistens. Det kan han òg ha ved urinvegsinfeksjon på grunn av giftstoffa bakteriane skil ut.

Hyppigheit

Dersom pasienten let vatnet oftare enn vanleg, kan det vere eit symptom på urinvegsinfeksjon. Menn med forstørra prostata vil òg ha hyppig vasslating fordi dei ikkje får tømt blæra tilstrekkeleg og derfor kjenner vasslatingstrong.

Mengd

Lite urin kan vere eit teikn på at pasienten er dehydrert. Dersom pasienten sjeldan let vatnet og samtidig har ødem, kan det vere eit symptom på svikt i nyrefunksjonen.

Smerte eller svie ved vasslating

Dersom pasienten kjenner ubehag under vasslating, kan dette vere eit symptom på urinvegsinfeksjon eller annan sjukdom i urinvegane.

Urinretensjon

Har pasienten problem med å få late vatnet og det ikkje kjem urin i det heile, blir tilstanden kalla urinretensjon. Tilstanden er alvorleg og krev behandling med kateter for å tømme blæra slik at ho ikkje blir permanent skadd. Forstørra prostata hos menn er den hyppigaste årsaka til urinretensjon fordi prostatakjertelen klemmer av urinrøyret, men lammingar i blæra (blæreparese) kan òg forårsake urinretensjon hos både kvinner og menn.

Urininkontinens

Mange slit med ufrivillig urinlekkasje, og dette gjeld særleg kvinner etter overgangsalderen. Hyppigheita stig med aukande alder, og det er svært vanleg blant eldre. Urinlekkasje er ikkje like utbreidd blant menn som hos kvinner, og oftare vanskelegare å behandle.

Urininkontinens hos kvinner blir ofte delt inn i to hovudkategoriar, eller ein kan ha ein kombinasjon av desse:

  • stressinkontinens: urinlekkasje under aktivitet eller fysisk belastning, til dømes når du hostar, ler, hoppar og spring

  • urgeinkontinens: plutseleg vasslatingstrong som medfører problem med å komme seg til toalettet i tide. Ved urinvegsinfeksjon kan nokon i sjukdomsperioden miste kontroll over vasslatinga slik at det oppstår ein mellombels urgeinkontinens.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan mørk urin vere eit teikn på?
  2. Kva kan det tyde på viss urinen luktar sterkt?
  3. Ved for høgt blodsukker kan urinen lukte aceton. Korleis luktar aceton, og ved kva sjukdom kan ein kjenne denne lukta?

  4. Forklar kva dehydrering betyr.

Kjelde

Os, I. & Tveter, K. (2018, 24. april). Urinlekkasje. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/urinlekkasje

Relatert innhald

Når pasienten er sengeliggande og ikkje kjem seg på toalettet, vil bruk av bekken bidra til å sikre daglege toalettrutinar.

Eliminasjon betyr å kvitte seg med noko. Her lærer du om kva observasjonar helsefagarbeidaren må gjere ved eliminasjon av avføring.

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten, Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022

Læringsressursar

Sjukdom og plager i urinsystemet