Hopp til innhald

Fagstoff

Sjukepleie ved urinvegsinfeksjon

Urinvegsinfeksjon skuldast som regel tarmbakterien E. coli og kan påverke allmenntilstanden i ulik grad. Cystitt (blærekatarr) er infeksjon i dei nedre urinvegane, mens pyelonefritt (nyrebekkenbetennelse) er infeksjon i dei øvre urinvegane. Slike infeksjonar kan gi behov for sjukepleietiltak.
Ei kvinne serverer eldre på sjukeheim drikke frå ei tralle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg hygiene

Ein pasient med urinvegsinfeksjon (UVI) har ofte smerter og ubehag. Pasienten kan òg ha feber. Å kjenne seg rein og velstelt lindrar plager. Det er viktig å vaske godt, særleg dersom personen er inkontinent. Inkontinens i tillegg til urinvegsinfeksjon kan føre til sjenerande lukt.

Ved vask må vi vaske pasienten framanfrå og bakover for å hindre ytterlegare angrep av tarmbakteriar i urinvegane. Bruk såpe med låg pH for å lage mindre gunstige levekår for bakteriar.

Dersom pasienten er inkontinent, må vi byte våte innlegg ofte slik at bakteriane ikkje får formeire seg uhemma i det fuktige og varme klimaet. Våte innlegg er òg ei belastning for huda, og i tillegg til hyppige byte av innlegg kan det vere lurt å bruke ei vassavstøytande salve for å førebygge sår hud.

For å unngå overføring av smitte mellom pasientar må vi vere svært påpasseleg med handhygiene, reingjering, desinfeksjon og avfallshandtering.

Aktivitet og kvile

Dersom pasienten har sterk sjukdomskjensle og feber, bør pasienten ta det med ro og bruke energien på å bli frisk. Er pasienten sengeliggande og i ro, er det viktig å førebygge eventuelle komplikasjonar ved immobilitet.

Viss pasienten er i stand til det, er det bra med ein viss aktivitet. Aktivitet betrar transporten av næringsstoff i kroppen. Gjennomstrøyminga blir òg større, slik at dei patogene (sjukdomsframkallande) bakteriane lettare blir transporterte ut av kroppen.

For pasientar med UVI er det viktig å ikkje bli kalde nedantil og på føtene. Dette fordi kulde reduserer blodomløpet, noko som igjen påverkar immunforsvaret til kroppen negativt.

Ernæring

Ved infeksjonar er det viktig at pasientar får eit næringsrikt kosthald som er med på å bygge opp igjen immunforsvaret og gi energi. Nesten alle vitamin og mineral har ein funksjon som direkte eller indirekte held immunsystemet til kroppen godt rusta ved å styrke den naturlege motstandskrafta til kroppen og evna til sjølvhelsebot.

Dersom pasienten på grunn av infeksjonen har dårleg matlyst, er det formålstenleg med næringstett kost. Dette er lita mengde mat som har eit høgt innhald av næringsstoff.

Rikeleg drikke (30 ml per kg kroppsvekt per døgn) gir betre gjennomskylling av urinvegane, slik at bakteriane raskare blir skylde ut av kroppen. Sur drikke er formålstenleg fordi det skaper eit surt miljø der bakteriane ikkje trivst.

Eliminasjon

Pasienten bør tømme blæra hyppig og bruke bukpressen (muskulaturen i bukveggen) for å få tømt blæra godt. Ved opphoping av urin i blæra formeirar bakteriane seg raskare, og risikoen aukar for at infeksjonen går høgare opp i urinvegane, til dømes frå blæra til nyrebekkenet.

Dersom ein pasient er sengeliggande, er det viktig å unngå resturin (urin som blir igjen i blæra etter vasslating). Resturin i urinblæra skaper gode levekår for bakteriane. Ein sengeliggande pasient bør derfor ha nærast sitjande stilling når vasslating går føre seg i senga.

Det kan vere nødvendig å måle drikke (væskeinntak) og diurese (urinmengd) hos ein pasient med urinvegsinfeksjon for å sikre at væskebalansen er stabil.

Kvinne ligg på sofa med ei hand på hovudet og ei hand på magen. Ho holder beina heva og bøygde mot kroppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smerte

Ein urinvegsinfeksjon kan gi smerter av varierande grad. Det finst både reseptfrie og reseptbelagde smertestillande medikament som kan nyttast, og legen skriv ut eventuelle legemiddel til pasientar og bebuarar i institusjonar. Dersom urinvegsinfeksjonen blir behandla med antibiotikum, vil smertene som regel minke i løpet av kort tid.

Observasjon og rapport

Det er viktig å observere urinen og sjå etter eventuelle symptom på urinvegsinfeksjon. Ein helsefagarbeidar skal òg observere verknad og biverknad av den medisinen som eventuelt blir nytta for å behandle urinvegsinfeksjonen. Observasjonar skal rapporterast og dokumenterast.

Dersom pasienten får smerter i sida av ryggen og høg feber, må du kontakte lege. Dette kan vere teikn på at infeksjonen òg har ramma nyrebekkenet.

Du må observere kor ofte pasienten let vatnet, urinmengde og kor mykje pasienten drikk.


Utfordringar til deg

  1. Korleis trur du det opplevast for ein sengeliggande pasient å late vatnet på bekken?

  2. Kvifor er sengeliggande pasientar ekstra utsette for urinvegsinfeksjonar?

  3. Korleis kan du forhindre at smitte blir spreidd mellom bebuarar eller pasientar på same avdeling?

Relatert innhald

Når pasienten er sengeliggande og ikkje kjem seg på toalettet, vil bruk av bekken bidra til å sikre daglege toalettrutinar.

Vi tek urinprøve ved mistanke om urinvegsinfeksjon. Urinstix er ei undersøking der ein papirstrimmel som er tilsett kjemiske stoff, blir dyppa i urinen.

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022

Læringsressursar

Sjukdom og plager i urinsystemet