Hopp til innhald

Fagstoff

Sår og sårbehandling

Eit sår i huda kan komme av ein skade, eit bit eller eit kirurgisk inngrep. Slike sår kan bli infiserte med bakteriar som utløyser ein sårinfeksjon.
Absorberande bandasje blir lagd på handbaken til ein eldre person. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Enkle og kompliserte sår

Vi skil mellom enkle sår, der berre huda eller slimhinna er skadd, og kompliserte sår der det er skade på djupareliggande strukturar som store kar, nervar, sener, knoklar eller indre organ.

Helsefagarbeidaren har i hovudsak kompetanse til å stelle enkle, reine og tørre sår. Etter godkjend opplæring kan du som helsefagarbeidar òg stelle meir kompliserte sår. Som helsefagarbeidar må du alltid vere medviten kompetanseområdet ditt og be om hjelp eller rettleiing dersom kompetansen din ikkje strekk til.

Ureint eller reint sår

Det er vanleg å klassifisere eit sår som reint eller ureint. Eit reint sår er sår som ikkje er synleg forureina, eller som er reinsa innan seks timar etter at skaden skjedde. Forureina og dødt vev er då fjerna. Eit ureint sår er eit synleg forureina sår eller eit sår med dødt vev, som ikkje er reinsa dei første seks timane etter at skaden skjedde. Idet såret blir reinsa på rett måte, skiftar det status frå ureint til reint.

Observasjonar

Når du som helsefagarbeidar har ansvaret for pasientar med sår, skal du observere sår, sårbandasjar, allmenntilstanden til pasienten og dessutan verknad og biverknad av medisinar og anna sårbehandling. Viss såret er raudt, hovent eller hissig eller det er store forandringar i såret, bør pasienten få tilsyn av lege.

Førebygging

Det er òg viktig at helsefagarbeidaren bidreg til å førebygge sår hos pasientar. God informasjon, rikeleg drikke, rett ernæring, god hudpleie og førebygging av skadar og ulykker er relevante førebyggande tiltak.

Sårjournal

God dokumentasjon av utviklinga til såret og resultatet av sårbehandlinga er viktig. I tillegg til å regelmessig ta gode bilete av såret og å måle såromkrinsen på såret er det viktig å dokumentere tilstanden til såret i ein sårjournal.

Stell av enkle sår

  • Vask hendene før sårstell.

  • Vask såret med reint, rennande, temperert vatn, fysiologisk saltvatn eller sårreinsemiddel.

  • Bruk eventuelt ein steril tupfer, men ikkje bomull som lett kan feste seg i såret.

  • Vel eit plaster eller ein kompress som passar til storleiken og plasseringa av såret. Plaster, bandasjar eller kompressar absorberer sårvæske og vernar såret mot skit, samtidig som såret får ro til å gro. Sår skal ikkje luftast, då dette kan senke temperaturen og hemmar fornying av hudceller.

  • Ikkje fjern skorper. Skorpa vernar sår mot smuss og bakteriar, samtidig som det førebygger arr.

Kuttsår

  • Reins såret godt og fjern framandlekamar.

  • Press sårkantane mot kvarandre, og lukk med sårlukkingstape på tvers av såret.

  • Dekk såret med kompress eller plaster. Skift dagleg på såret, men la sårlukkingstapen sitje.

Skrubbsår

  • Skrubbsår skal reinsast nøye for skit og partiklar for å unngå infeksjon.

  • Legg på sårsalve for å hindre infeksjon.

  • Dekk til med eigna plaster eller kompress som ikkje festar seg til såret.

  • Bruk eventuelt sårkontaktlag for mindre smertefulle sårskift.

Utfordringar til deg

  1. Kva typar sår kjenner du til?

  2. Kvifor er kunnskap om oppbygginga til huda eit godt grunnlag for god sårbehandling?

  3. Kvifor er vi utsette for infeksjonar når huda er skadd?

Kjelder

Norsk Helseinformatikk. (2018, 21. desember). Kuttsår og skrubbsår. https:/nhi.no/forstehjelp/hudskader/kuttsar-og-skrubbsar/

Sykehusapotekene i Midt-Norge. (2019, 17. mai). Småsår, kutt, rifter og skrubbsår. https://sykehusapoteket.no/rad-og-veiledning/temaer/sar-og-sarpleie/smasar-kutt-rifter-og-skrubbsar

Relatert innhald

Alle personar med eit sår er i fare for komplikasjonar rundt såret. I tillegg til forseinka tilheiling, kan dårleg sårstell føre til infeksjon.

Steller du sår på riktig måte, vil det bidra til at såret raskare heilar, samtidig som du førebyggjer infeksjonar.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i sirkulasjonssystemet