Hopp til innhald

Fagstoff

Hjartesvikt

Ved hjartesvikt er pumpefunksjonen til hjartet svekt og blodtilførselen til cellene og vevet til kroppen blir for liten. Tilstanden kan oppstå akutt etter hjarteinfarkt eller andre alvorlege tilstandar, eller som kronisk hjartesvikt som utviklar seg gradvis over tid.
Eit par hovne dameføter i svarte, låge sko. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pumpeeffekten til hjartet skal både produsere eit tilfredsstillande blodtrykk i arteriane og pumpe unna blod frå venene slik at trykket i venene blir lågt. Når pumpeeffekten er svekt, blir minuttvolumet til hjartet redusert først ved belastning, deretter òg i kvile. I Noreg reknar vi med at 100 000 menneske har kronisk hjartesvikt, og 75 prosent av desse er over 75 år. Hjartesvikt er ei hyppig årsak til sjukehusinnleggingar.

Årsaker til hjartesvikt

Det er fleire sjukdommar eller skadar i sjølve hjartet som kan forårsake eller forverre hjartesvikt.

  • Ved hjarteinfarkt blir ein del av hjartemuskelen øydelagd på grunn av nedsett blodtilførsel.

  • Feil eller sjukdom i hjarteklaffane kan føre til at arbeidsbyrda til hjartet aukar.

  • Høgt blodtrykk over tid kan bidra til å utvikle hjartesvikt.

  • Enkelte tilstandar kan òg svekke hjartet. Det gjeld til dømes diabetes, infeksjonar, lungeemboli og høgt alkoholinntak.

Utvikling av hjartesvikt

Evna hjartet har til å pumpe blod rundt i kroppen, minkar med aukande alder, og eldre menneske har ofte ei lett grad av hjartesvikt som ein naturleg del av aldringsprosessen. Hjartesvikt kan ramme enten høgre eller venstre hjartehalvdel, men ofte oppstår det ein kombinert høgre- og venstresidig hjartesvikt.

Venstresidig hjartesvikt kjem ofte først fordi venstre hjartehalvdel har den største belastninga når venstre hjartekammer skal pumpe blod ut til alle celler og vev. Venstresidig hjartesvikt medfører opphoping av blod bakover i lungekrinsløpet fordi hjartet ikkje klarer å pumpe nok blod ut i kroppen.

Høgresidig hjartesvikt oppstår oftast i kombinasjon med venstresidig hjartesvikt eller som følge av hjarteinfarkt, lungesjukdommar eller forhøgd trykk i lungekrinsløpet (det vesle krinsløpet). Høgresidig hjartesvikt medfører venestuving (opphoping av blod) i venene i kroppen. Dette gjer at trykket aukar og væske blir pressa ut i vevet og blir til ødem (væskesamlingar).

Grader av hjartesvikt

Dersom hjartesvikten utviklar seg over tid, har kroppen moglegheit til å kompensere for den reduserte pumpeevna. Ved lett hjartesvikt er pumpeevna til hjartet berre redusert i aktivitet, men etter kvart som tilstanden utviklar seg, blir pumpeevna òg redusert når pasienten kviler (sjå tabell).

Ulike grader av hjartesvikt basert på funksjonsnivå
Grad av hjartesvikt

Aktivitetsnivå som framkallar symptom

1

Ingen symptom ved vanleg fysisk aktivitet

2

Symptom ved moderat fysisk aktivitet

3

Symptom ved lett fysisk aktivitet

4

Symptom i kvile og aukande symptom ved all fysisk aktivitet

Symptom

Symptoma på hjartesvikt varierer avhengig av kva del av hjartet som er ramma, og kva grad av hjartesvikt som oppstår. Generelle symptom ved hjartesvikt:

  • trøyttleik og nedsett fysisk kapasitet fordi kroppen ikkje får nok oksygen

  • dyspné (tungpust)

  • venestuving kan sjåast på halsvenene ved høgresidig hjartesvikt. Levra og milten blir forstørra på grunn av venestuving. Mageomfanget kan auke fordi lever og milt blir forstørra.

  • ødem i beina eller rundt korsryggen og setet hos sengeliggande personar. Ødema kan medføre tørr hud på leggane fordi presset inne frå vevet blir for stort. Pasienten kan utvikle stasedermatitt (staseeksem) som kan kompliserast av venøse leggsår som ikkje vil heilast.

  • auke i kroppsvekt på grunn av væskesamlingar i kroppen

  • blåleg hud, kalde hender og føter fordi kroppen ikkje prioriterer å føre blod til huda og ekstremitetane

  • lungeødem (vatn i lungene). Dersom væske siv ut frå kapillæra og ut i lungevevet, kan det føre til akutt lungeødem. Dette kan oppstå ved akutt hjartesvikt eller plutseleg forverring av ein kronisk hjartesvikt. Lungeødem er ein livstruande tilstand som krev medisinsk behandling umiddelbart.

Beina til pasient med væskande eksem. Høgre bein er bandasjert med komprimerande bandasje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å stille diagnosen

Det er ikkje alltid så enkelt å diagnostisere hjartesvikt fordi nokre av symptoma er diffuse eller liknar på andre diagnosar.

  • Anamnese (sjukehistorie), EKG og klinisk undersøking høyrer med for å stille diagnosen hjartesvikt.

  • Blodprøver og ekkokardiografi (ultralydundersøking) av hjartet kan påvise hjartesvikten med stor sikkerheit.

  • Røntgen av hjartet kan vise eit stort hjarte dersom svikten utviklar seg over lang tid. Holromma i hjartet vil då etter kvart bli større fordi hjartet prøver å kompensere for den reduserte pumpeevna.

Førebygging og behandling

Behandlinga inneber både behandling av årsaka til hjartesvikten, livsstilsendringar og medisinsk behandling av sjølve hjartesvikten. Tiltaka og målet for behandlinga varierer avhengig av alderen og funksjonsnivået til pasienten, og kva som er årsak til hjartesvikten. Som helsefagarbeidar er det viktig at du motiverer til tiltak som fremmar helse og livskvalitet og samtidig førebygger forverring av tilstanden. Ein del av tilrådingane er dei same som ved andre hjarte- og karsjukdommar:

  • hjartevennleg og saltfattig kosthald

  • røykjeslutt

  • måtehald med alkohol

  • regelmessig fysisk aktivitet

I nokre tilfelle av alvorleg hjartesvikt kan det vere aktuelt med restriksjonar på væskeinntaket eller medikamentell behandling for å redusere blodtrykket og skilje ut overflødig væske.

I tillegg blir det tilrådd vekevis vektkontroll for personar med hjartesvikt. Overvekt er ei ekstra belastning for hjartet, og det er derfor ønskeleg å ha normal kroppsvekt. Vektoppgang kan dessutan vere teikn på væskesamling som kan medføre behov for vassdrivande medikament.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan gjere det vanskeleg å oppdage hjartesvikt hos brukarar med kols eller andre lungesjukdommar?

  2. Kvifor er det viktig å motivere personar med lett grad av hjartesvikt til regelmessig fysisk aktivitet og hjartevennleg kosthald?

  3. Kvifor er det viktig med jamleg vektkontroll av personar med hjartesvikt?

Kjelder

Birkeland, K. I., Gullestad, L. & Aabakken, L. (Red.). (2017). Indremedisin II. Fagbokforlaget.

Broch, K. (2022,3. mars). Hjertesvikt. I Store medisinske leksikon. http://sml.snl.no/hjertesvikt

Relatert innhald

Ein bør gi hjartevennleg kost til alle personar som har hjarte- og karsjukdommar eller for høgt kolesterol og høge triglyseridverdiar i blodet.

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i sirkulasjonssystemet