Hopp til innhald
Fagartikkel

Hjarte- og karsjukdommar

Hjarte- og karsjukdommar den største gruppa av folkesjukdommar i Noreg både når det gjeld førekomst, og når det gjeld dødelegheit. Risikoen for sjukdom aukar med alder, og sjølv om hjarte- og karsjukdom er vanlegare blant menn enn kvinner i ung alder, aukar førekomsten blant kvinner seinare i livet.

Risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom

For dei fleste med hjarte- og karsjukdommar er årsaka ein kombinasjon av arv og miljø. Faktorane som gir auka risiko for hjarte- og karsjukdom, er høgt kolesterolnivå, forhøgd blodtrykk, diabetes, røyking, alder, kjønn og arv. Inaktivitet, overvekt, stress og ugunstig kosthald er òg risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom.

Midjemål på 102 cm eller meir hos menn og 88 cm eller meir hos kvinner er ein indikasjon på intraabdominalt feitt, det er magefeitt som ligg rundt dei indre organa. Dette medfører ein betydeleg forhøgd risiko for hjarte- og karsjukdom uavhengig av kroppsmasseindeks (KMI).

Hypertensjon (forhøgd blodtrykk)

Høgt blodtrykk kan ha ein arveleg komponent, i tillegg til at auka alder ofte medfører høgare blodtrykk. Dette vil bli ytterlegare forverra ved overvekt, inaktivitet, stress, høgt saltinntak og høgt alkoholforbruk. Overvekt heng ofte saman med inaktivitet og ugunstig kosthald, og det medfører auka risiko for både høgt blodtrykk og diabetes. Viss ein i tillegg røyker og har høg førekomst av hjarte- og karsjukdom i familien, blir risikoen for hjarte- og karsjukdom mangedobla.

Blodtrykk blir målt i verdiane systolisk og diastolisk trykk som viser trykket i arteriane når blodet høvesvis blir pumpa ut av hjartet, og når blodet strøymer tilbake til hjartet. For dei fleste aukar blodtrykket med alderen, i tillegg kan både kosthald og livsstil medføre forhøgd blodtrykk.

Tilrådde grenser for normalt blodtrykk:

  • systolisk trykk under 120 mmHg eller

  • diastolisk trykk under 80 mmHg

Grensehypertensjon/prehypertensjon:

  • systolisk trykk 120–139 mmHg eller

  • diastolisk trykk 80–89 mmHg

Hypertensjon grad 1:

  • systolisk trykk 140–159 mmHg eller

  • diastolisk trykk 90–99 mmHg

Hypertensjon grad 2:

  • systolisk trykk over 160 mmHg eller

  • diastolisk trykk over 100 mmHg

Hypertensjon grad 1 og 2 bør vanlegvis behandlast med medikament og endringar i livsstil, mens prehypertensjon skal behandlast berre med livsstilsendringar.

Hyperkolesterolemi (forhøgd kolesterolnivå)

Kolesterolnivået i blodet blir påverka av kor mykje og kva typar feitt du et, men har du i tillegg arveleg hyperkolesterolemi, må du vere ekstra påpasseleg, særleg når det gjeld nivået av LDL-kolesterol.

Normalverdiar for LDL-kolesterol, òg kalla det dårlege kolesterolet, skal vere mellom 3 og 4 mmol/liter. For LDL-kolesterol er det ønskeleg at verdiane er så låge som mogleg, mens det motsette er tilfelle for HDL-kolesterol der normalverdiane er mellom 1 og 2 mmol/liter.

For å redusere nivået på LDL-kolesterol og auke HDL-kolesterolet er det nødvendig å avgrense inntaket av metta feitt, gå ned i vekt dersom du er overvektig, og vere i jamleg fysisk aktivitet.

Aterosklerose (åreforkalking)

Forhøgde feitt- og kolesterolnivå over mange år gir auka risiko for åreforkalking (aterosklerose) i arteriane. Avleiringar av feitt og betennelsesceller gjer at det blir danna fortjukkingar som blir kalla plakk i blodårene. Dette gjer at blodårene blir trongare, og dermed er det auka risiko for sjukdom i sirkulasjonssystemet, fordi tilførselen av oksygen og næringsstoff blir redusert.

Førebygging av hjarte- og karsjukdom

Faktorane alder, kjønn og arveleg disposisjon for sjukdom kan vi ikkje gjere noko med, men det er viktig å førebygge sjukdom gjennom dei faktorane vi kan påverke. Det vi kan gjere, er å unngå røyking, gå ned i vekt dersom vi er overvektige, og vere måtehaldne med alkohol.

Hjartevennleg kosthald tek utgangspunkt i nøkkelråda, men med auka fokus på mengde og type feitt. Det inneber å ha eit variert kosthald med grove kornprodukt og fisk, byte ut metta feitt med umetta, redusere saltinntaket og velje magre meieriprodukt. I tillegg blir det tilrådd å ha eit høgt inntak av grønsaker, frukt og bær (fem om dagen).

Helsedirektoratet tilrår at alle vaksne skal vere i fysisk aktivitet med moderat intensitet minimum 150 minutt i veka. Regelmessig fysisk aktivitet er sentralt for å førebygge hjarte- og karsjukdommar, diabetes og andre livsstilssjukdommar, i tillegg til at det bidreg til å halde normal kroppsvekt.

Utfordringar til deg

  1. Kva blir meint med at årsaka til hjarte- og karsjukdommar ofte er ein kombinasjon av arv og miljø?

  2. Kvifor blir hjarte- og karsjukdommar ofte rekna som livsstilssjukdommar?

  3. Korleis kan livsstilsendringar førebygge hjarte- og karsjukdommar?

Kjelder

Felleskatalogen. (31. januar 2022). Høyt blodtrykk. https://www.felleskatalogen.no/medisin/sykdom/forhoyet-blodtrykk

Helsedirektoratet. (2016, september). Kosthandboken – veileder i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstjenesten (IS-1972). https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/kosthandboken/kosth%c3%a5ndboken%20%e2%80%93%20Veileder%20i%20ern%c3%a6ringsarbeid%20i%20helse-%20og%20omsorgstjenesten.pdf

Hjartåker, A., Pedersen, J. I, Müller, H. & Anderssen, S. A. (2020). Grunnleggende ernæringslære (3. utg.). Gyldendal Akademisk.

Nasjonalt råd for ernæring. (2011, januar). Kostråd for å fremme folkehelsen og forebygge kroniske sykdommer. Metodologi og vitenskapelig kunnskapsgrunnlag (IS-1881). Helsedirektoratet. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/kostrad-for-a-fremme-folkehelsen-og-forebygge-kroniske-sykdommer-metodologi-og-vitenskapelig-kunnskapsgrunnlag/

Relatert innhald