Venøse og arterielle leggsår
Nedsett blodsirkulasjon kan komme av aldersforandringar eller sjukdommar som gir sirkulasjonssvikt i beina. Eldre menneske har lettare for å få sår, fordi huda blir tynnare og skjørare som ein naturleg del av aldringsprosessen. Dei små blodårene som bringar næring til huda, blir trongare og klarer ikkje å transportere like mykje næringsstoff til hudcellene.
Når det først har oppstått eit sår, er huda avhengig av blodtilførsel for å få tilstrekkeleg næring til groprosessen, og for å få tilført dei stoffa som er nødvendig for å reparere skadane.
Vi skil mellom venøse og arterielle leggsår, men det finst òg blandingssår. Det er leggsår som kjem av ein kombinasjon av venøs og arteriell svikt i blodåresystemet i beina.
10–15 prosent av leggsåra er arterielle. Pasientar med hjartesjukdom, diabetes eller aterosklerose (åreforkalkingar) er i risikogruppa for å utvikle arterielle leggsår. Røykarar er spesielt utsette.
Såra kjem svikt av i arteriane som skal føre blodet ut til cellene og vevet i kroppen. Aterosklerose gjer arteriane stive, tronge eller tette. Då vil ikkje vevet i det aktuelle området få nok oksygen og anna næring, slik at vevet døyr, og det oppstår sår.
Omtrent 70 prosent av alle leggsår er venøse. Årsaka til desse leggsåra er svakheit eller svikt i venene som fører blodet tilbake til hjartet etter at det har gitt frå seg oksygen og næring til cellene og vevet i kroppen. I tillegg er det svakheiter eller svikt i veneklaffane som skal hindre blodet i å bli ståande i åresystemet. Blodet blir då presset mot åreveggen og aukar blodtrykket i venene i leggen. Dette auka trykket fører til at væske lek ut av venene under huda, slik at det blir danna ødem (væskesamlingar), og leggen hovnar då opp. Dette hindrar tilgangen på oksygen og næring og gjer at avfallsstoff ikkje blir fjerna, slik at celler og vev døyr.
Pasientar med åreknutar (varicar), overvektige eller personar som tidlegare har hatt djup venetrombose (DVT), er i risikogruppa for å utvikle venøse leggsår.
Venøse leggsår | Arterielle leggsår | |
---|---|---|
Årsak |
|
|
Stad |
|
|
Smerter |
|
|
Utsjånaden til leggen |
|
|
Temperatur |
|
|
Utsjånaden til såret |
|
|
Huda på leggen |
|
|
Behandling |
|
|
- allmenntilstanden til pasienten (til dømes temperatur, puls, hudfarge, ernæringsstatus, smerter og psykiske tilstand)
- huda omkring såret
- lokalisering av såret
- storleiken på såret (helst i kvadratcentimeter, men òg størst lengde, breidde og djupne)
- sårbotnen (nekrose, infeksjon, granulasjonsvev, lommer, blottlagde strukturar)
- sårkantar (epitelisering, inflammasjon, infeksjon, misfarging, fukt)
- sekresjon
- lukt
- ødem
- kva fase i heilingsprosessen såret er i
Utfordringar til deg
- Kvifor har eldre menneske lettare enn andre for å få sår?
- Kva er dei viktigaste skilnadene mellom eit venøst og eit arterielt leggsår?
Kva skal til for at eit sår blir karakterisert som kronisk?
Kva observasjonar bør du gjere når ein pasient har sår?