Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Behandling av leggsår

Leggsår er eit sår som ikkje vil gro av seg sjølv, på nedre del av leggen. Såret oppstår ofte etter eit slag mot huda. Såret kan vere smertefullt, og det kan ta tid før det heilast. Som helsefagarbeidar må du vite kva du skal gjere, og kvifor, når du skal behandle sår eller hjelpe til med sårstell.
Teikning av eit bein med leggsår. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Kva er eit venøst leggsår? Forklar med eigne ord.

  2. Kva er eit arterielt leggsår? Forklar med eigne ord.

  3. Kva er dei viktigaste skilnadene mellom eit venøst og eit arterielt leggsår?

  4. Kva skal til for at eit sår blir karakterisert som kronisk?

  5. Kva er den vanlegaste årsaka til eit kronisk sår?

  6. Kvifor har eldre menneske lettare enn andre for å få sår?

  7. Kven er mest utsette for å få venøse leggsår?

  8. Kven er mest utsette for å få arterielle leggsår?

  9. Korleis behandlar vi venøse leggsår?

  10. Korleis behandlar vi arterielle leggsår?

  11. Korleis kan leggsår førebyggast?

  12. Kva næringsstoff er viktige for at sår skal gro?

  13. Kva vil du foreslå til frukost til ein brukar som har eit sår som skal gro? Grunngi svaret ditt.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i sirkulasjonssystemet