Kva er angina pectoris?
Kva er årsaka til angina pectoris?
Kva er vanlege symptom på angina pectoris?
Kan det vere forskjell på anginasymptoma for kvinner og menn? Grunngi svaret ditt.
Angina pectoris kan oppstå ved fysiske påkjenningar. Kvifor er det slik?
Kvifor blir angina pectoris oftare utløyst i kaldt vêr enn i varmt?
Forklar kva du vil gjere dersom ein person får brystsmerter.
Finn ut kva medikamentbehandling ein person med angina pectoris kan få.
Kva førebygger smerter ved aktivitet og påkjenningar hos ein person med angina pectoris?
Finn ut kva ustabil angina er.
Å få angina pectoris kan påverke den psykiske helsa. Forklar kvifor.
Lag eit notat med oversikt over observasjonar, behandling og sjukepleietiltak ved angina pectoris.
Relatert innhald
Hjartet er den viktigaste muskelen i kroppen. Denne artikkelen tek for seg oppbygginga til hjartet og syklusen til hjartet.
Vi må alltid ta smerter og ubehag i brystet på alvor. Dersom det dreier seg om hjarte- og lungeproblem, krev dette rask behandling. Lær kva du bør gjere.