Hopp til innhald

Fagstoff

Hjarteinfarkt

Symptoma på eit hjarteinfarkt kjem brått og blir beskrivne som klemmande eller snørande smerter midt i brystet, ofte med strålingar ut mot venstre arm, hals eller underkjeve. Ein blir ofte tungpusta og kvalm, og det er vanleg å kaldsveitte. Smertene blir ikkje lindra ved inntak av nitroglyserin.
Mann som sit framfor ein pc held hendene for brystet mens han skjer grimasar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Anatomien til hjartet

Hjartet er ein sterk muskel som pumpar blod ut i blodårene, og som dermed sørger for at blodet sirkulerer i kroppen. Hjartemuskelen sjølv får tilført næringsstoff og oksygen frå blodårer som er utvendig på hjartet, dei såkalla kransarteriane (koronararteriane).

Kva er hjarteinfarkt?

Eit hjarteinfarkt oppstår når ein kransarterie, eller ei sidegrein av han, blir blokkert av ein blodpropp. Dette kjem som oftast av at ein bit av ein aterosklerose (åreforkalking) losnar frå veggen i ei blodåre, og for å reparere sprekken som oppstår i åreveggen, blir det danna ein blodpropp. Blodproppen forårsakar så ei blokkering av blodtilførselen, og dette medfører utilstrekkeleg blodforsyning og dermed skade på den delen av hjartet som får blod frå denne blodåra.

Muskelvevet som ikkje får tilstrekkeleg tilførsel av blod og oksygen, døyr, dette blir kalla nekrose. Muskelvevet blir erstatta med bindevev, som i eit arr, og dette vevet manglar evna til å trekke seg saman. Etter eit hjarteinfarkt blir derfor hjartet varig svekt. Omfanget av svekkinga avheng av kor mykje muskelvev som er tapt.

Symptom

  • smerter eller trykk i brystet som ikkje går over i kvile eller ved bruk av nitroglyserin

  • smerter som som oftast er konstante og kan stråle ut til armane (særleg venstre), hals og underkjeve, øvre del av ryggen (mellom skulderblada) eller øvst i magen

  • kvalme og brekkingar

  • kaldsveitte

  • ein blir uforklarleg kortpusta

Hugs!

Omtrent 1 av 3 som går gjennom eit hjarteinfarkt, har ikkje typiske symptom. Dette gjeld oftare kvinner, eldre og personar med diabetes.

Å stille diagnose

Diagnosen hjarteinfarkt blir stilt på grunnlag av sjukehistoria til pasienten ved hjelp av EKG og blodprøver. Ved hjelp av EKG vil ein i løpet av minutt til få timar kunne finne typiske forandringar som viser nedsett blodtilførsel, og dessutan ein indikasjon på kvar i hjartemuskelen skaden er.

Mann i bar overkropp ligg på undersøkingsbenk kopla til elektrodar frå EKG-apparat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebygging

Førebyggande tiltak inneber dei same livsstilsendringane som for andre hjarte- og karsjukdommar:

  • røykeslutt
  • hjartevennleg kosthald med mindre feitt, meir fiber og grønsaker for å redusere kolesterolnivået
  • regelmessig fysisk aktivitet

  • vektreduksjon ved overvekt

  • stressreduksjon

Behandling

Førstehjelpstiltak for personar med brystsmerter må setjast i gang omgåande, og pasienten skal ha rask transport til sjukehus. Behandlinga av akutt hjarteinfarkt omfattar både smertestillande og blodfortynnande medikament, og ved lågt oksygeninnhald i blodet blir det òg gitt tilførsel av oksygen. I tillegg blir det gitt kvalmestillande legemiddel dersom pasienten har behov for det.

Det kortsiktige målet med behandlinga er å gjere skaden på hjartet så liten som mogleg. Nekrosen i hjartemuskelen utviklar seg allereie i løpet av 15–30 minutt, så det er viktig å få opna opp blodtilførselen så raskt som mogleg.

  • Perkutan koronar intervensjon (PCI), eller utblokking, er ein metode som inneber at eit kateter blir sett inn i arterien og utvidar han innanfrå. Denne behandlinga blir berre tilboden på såkalla PCI-senter ved dei større sjukehusa i Noreg, og kort transporttid til næraste PCI-senter er derfor avgjerande for om denne behandlinga kan gjennomførast i den akutte fasen.

  • Trombolytisk behandling betyr at pasienten får medikament for å løyse opp blodproppen. Dette blir gjort dersom det er grunn til å tru at det vil ta meir enn 120 minutt til PCI kan gjennomførast.

Ein alvorleg komplikasjon ved hjarteinfarkt er rytmeforstyrring i hjartet. Dette skjer oftast i akuttfasen. Derfor blir pasienten nøye overvakt og behandla under sjukehusopphaldet.

Akutte brystsmerter framkallar ofte uro og frykt hos pasienten, og det er derfor viktig at du som helsefagarbeidar verkar kompetent og roleg slik at du ikkje aukar stressnivået og belastninga på hjartet. Samtidig er det viktig at du veit kva du skal gjere i slike situasjonar, og handlar raskt.

Fem personar trener mens dei sit på kvar sin balanseball. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis er langtidsutsiktene?

Hjarteinfarkt er ein svært alvorleg tilstand som utviklar seg raskt. Det er viktig å komme raskt til behandling på sjukehus, og jo yngre ein er, jo betre er moglegheitene for å bli frisk. Nokre pasientar utviklar hjartesvikt etter eit hjarteinfarkt. Det betyr at hjartet ikkje pumpar godt nok til å halde oppe tilfredsstillande blodsirkulasjon fordi ein stor del av hjartemuskelen er skadd. Hjartesvikt kan oppstå akutt ved hjarteinfarkt eller som ein komplikasjon etter infarktet. Dette gir seg utslag i dårlegare fysisk prestasjonsevne og tung pust.

På lang sikt ønsker legane å redusere faren for nye hjarteinfarkt. Pasienten får råd om livsstilsendringar i tillegg til medikamentell behandling som ofte inkluderer blodfortynnande, kolesterolsenkande og blodtrykkssenkande medikament. Med moderne behandling og forandring av livsstil er det gode moglegheiter for å unngå nye infarkt, og det er derfor viktig at du som helsefagarbeidar motiverer og legg til rette for ein helsefremmande og aktiv livsstil.

Mange som har gått gjennom hjarteinfarkt, blir engstelege for at det skal skje igjen, og vegrar seg av den grunn for aktivitet som kan vere tung for hjartet. Dei fleste helseføretaka tilbyr derfor lærings- og meistringskurs over to til tre dagar, såkalla Hjerteskole, for personar som har gått gjennom hjarteinfarkt eller annan hjartesjukdom. Hjerteskolen er eit tverrfagleg rehabiliteringstilbod der pasientar og pårørande blir tilbode samtalar, informasjon og trening tilpassa helsa til den enkelte. I mange kommunar er det tilbod om meir langvarig oppfølging gjennom frisklivssentralar, og i tillegg finst det private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtalar med helseføretaka.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor kan det vere vanskelegare å oppfatte symptoma på hjarteinfarkt hos kvinner enn menn?

  2. Kva kan du som helsefagarbeidar gjere for å roe ein pasient som er engsteleg og stressa?

  3. Korleis kan du motivere brukarar til livsstilsendringar for å førebygge nye hjarteinfarkt?

Kjelder

Arnesen, H., Bendz, B. & Steigen, T. (2018, 14. september). Hjerteinfarkt. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/hjerteinfarkt

Birkeland, K. I., Gullestad, L. & Aabakken, L. (Red.). (2017). Indremedisin II. Fagbokforlaget.

Grimsmo, J. (2021). Hjerterehabilitering. Helsebiblioteket. https://www.helsebiblioteket.no/retningslinjer/fysikalsk-medisin/arbeidsfysiologi-og-hjerterehabilitering/hjerterehabilitering

Relatert innhald

Smerter og ubehag i brystet må alltid bli teke på alvor. Viss det dreier seg om hjarte- og lungeproblem, krev dette hurtig behandling. Lær kva du bør gjere.

Vi må alltid ta smerter og ubehag i brystet på alvor. Det er derfor viktig at du er kjend med nokre typiske symptom, slik at du kan varsle tidleg.

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Vigdis Haugan. Rettshavar: Norsk Helseinformatikk
Sist fagleg oppdatert 10.01.2024

Læringsressursar

Sjukdommar i sirkulasjonssystemet