Hopp til innhald

Fagstoff

Trombose og emboli

Fellesnemninga blodpropp blir brukt både om trombose og emboli. Årsakene og symptoma i tilknyting til desse to tilstandane er likevel ulike.
Bilete av to bein. Det venstre er raudare enn det høgre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trombose

Ein trombe består hovudsakleg av blodplater (trombocyttar), raude blodceller (erytrocyttar) og fibrin. Tromben er vanlegvis festa til vev i karveggen. Sjukdomsprosessen blir kalla trombose. Vi skil mellom venøse og arterielle trombar.

  • Dei arterielle trombane består hovudsakleg av blodplater og blir derfor kalla platetrombar.

  • Venøse trombar består hovudsakleg av fibrin og raude blodceller og blir derfor kalla koagulasjonstrombar.

Tromboflebitt er ein tilstand der ein venøs trombose har ført til ein betennelsesreaksjon i karveggen i ei overflatisk vene.

Tre teikningar som viser korleis ein blodpropp gradvis tettar ei blodåre slik at blodet ikkje kan strøyme gjennom. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Emboli

Ein embolus er ein propp av eit eller anna materiale, som regel ein del av ein trombe. Viss ein trombe eller delar av ein trombe losnar, blir det danna ein embolus som blir ført med blodstraumen og går til armane, beina, hjernen, mage-tarmsystemet eller nyrene.

Ein slik embolus kan føre til infarkt, og symptoma kjem frå det organet som blir ramma. Den sjukdomstilstanden som oppstår, blir kalla embolisme eller emboli. Ein embolus kan vere venøs eller arteriell. Venøse emboli gir lungeemboli.

Tre teikningar som viser korleis ein bit av ein blodpropp losnar, blir frakta vidare med blodstraumen og set seg fast i ei mindre blodåre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Symptom

Ved overflatisk tromboflebitt har pasienten lokal heving, raudne, varme og smerter som ved ein betennelsestilstand generelt.

Ved djup venetrombose (DVT) er pasienten plaga med smerter og ømheit, eventuelt ødem som følge av den venøse stuvinga. Dette kan hemme blodgjennomstrøyminga og forårsake cyanose (misfarging på grunn av oksygenmangel). Pasienten kan ha moderat feber, og større tromboflebittar kan påverke allmenntilstanden.

Dersom ein embolus blir ført til armar eller bein, kan dei bli bleike, kalde og mangle puls. Cyanose og sterke smerter er vanleg. Dersom dette ikkje blir behandla, kan pasienten utvikle gangren (kaldbrann).

Ved lungeemboli har ein embolus følgt blodstraumen til lungene og stoppa opp i ein lungearterie der han kan forårsake lungeinfarkt. Symptoma kjem an på storleiken på blodproppen, og ein stor embolus kan føre til døden i løpet av få minutt. Pasienten får då plutseleg dyspné (tung pust) og sjokksymptom. Mindre lungeemboli gir dyspné og stikkande respirasjonsavhengige smerter. Pasienten kan òg ha blodig oppspytt, bli cyanotisk på grunn av for lite oksygen til lungene og få høg puls.

Årsaker

  • Aterosklerose er den vanlegaste disponerande faktoren for arteriell trombose, til dømes i koronararteriane (kransarteriane) ved hjarteinfarkt.

  • Overflatisk trombose (tromboflebitt) kan oppstå når pasienten har fått eit perifert venekateter fordi dette kan irritere åreveggen.

  • Arterielle emboli blir danna ved at avleira materiale losnar frå ein ateriosklerotisk årevegg og blir ført med blodstraumen.

  • Djup venetrombose (DVT) er blodproppdanning i dei store, djuptgåande venene i leggane, låra, bekkenet og dessutan arm- og skulderområdet. Mange forhold kan føre til at det dannar seg blodpropp i dei djupe venene i beina. DVT kan komme av langsam blodstraum på grunn av postoperativt sengeleie, eller det kan vere ein komplikasjon på grunn av annan immobilitet. Langvarig stillesitjing, til dømes i samband med lange flyturar, kan òg føre til nedsett blodstraum og auke risikoen for at det dannar seg blodproppar. Hjartesvikt, dehydrering, graviditet og svulstar kan òg gi langsam blodstraum og slik disponere for djup venetrombose. Visse typar p-piller aukar òg førekomsten av sjukdommen. Røykarar er spesielt utsette for DVT fordi sigarettrøyking gjer blodet "seigare".

  • Venøse emboli kan oppstå postoperativt på grunn av at ein embolus har losna frå trombar i djupe vener i beina eller bekkenet. Djup venetrombose disponerer derfor for lungeemboli.

Kvinneleg pasient får hjelp av kvinneleg helsefagarbeidar til å ta på støttestrømper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å stille diagnose

Anamnese (sjukehistorie) og klinisk undersøking vil gi mistanke om sjukdommane. For å påvise ein djup venetrombose blir det brukt venografi (røntgenundersøking av venene) eller ultralyd. Arteriografi (røntgenundersøking av arteriane) blir brukt for å diagnostisere ein embolus i armar eller bein.

Vi kan stille diagnosen lungeemboli ved å ta røntgen eller CT av lungene, EKG og ultralyd av hjartet. Blodprøver påviser oksygeninnhaldet i blodet og om det er endringar i viskositeten (tjukna) til blodet.

Behandling

Overflatisk tromboflebitt blir behandla med antiflogistika (betennelsesdempande medikament) som lokal salve eller tablettar.

Djupe venetromboser blir behandla med antikoagulasjons-medikament. Desse kan bli gitt som subkutane injeksjonar (til dømes Klexane) eller som tablettbehandling med warfarin (Marevan). Desse medikamenta hindrar vidare vekst av tromben, men løyser han ikkje opp. Det må kroppens fibrinolytiske system (prosess som løyser opp blodkoagel) gjere.

Ein embolus kan fjernast med embolektomi der eit ballongkateter blir ført inn i arterien og "fiskar ut" embolus. Sjukdommen kan òg behandlast med antikoagulasjons-medikament.

Ved alvorlege sjukdomstilstandar som er forårsaka av trombose eller emboli, er det mogleg å gi medikament som kan løyse opp "proppen". Slik behandling blir kalla trombolyse. Behandlinga er likevel noko risikofylt fordi ho kan medføre stor blødingsfare.

Utfordringar til deg

  1. Kva er trombose og emboli?

  2. Forklar kva tromboflebitt er.

  3. Kva kan symptoma vere ved lungeemboli?

  4. Kva symptom kan ein pasient med djup venetrombose (DVT) få?

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i sirkulasjonssystemet