Hopp til innhald

Fagartikkel

If-setningar

Når du skal programmere ei datamaskin, vil det som regel vere eitt eller fleire logiske vilkår som avgjer kva slags operasjonar som skal utførast. Vi kallar dette ei if-setning ("IF statement" på engelsk). Dette gjer det mogleg å lage program som reagerer ulikt avhengig av vilkåra.

LK20

Viss/if


For at datamaskina skal vite når ulike operasjonar skal utførast, må du gi ho eit sett med vilkår. Med ein if-setning kan vi sjekke om eit vilkår er oppfylt før koden blir køyrd. Følgjande kode sjekkar om alderen til ein person er meir enn eller lik 18 år:

Javascript

1
2
3
4
5
if (alder >= 18) {
    
    // Kode blir køyrt dersom alder er større enn eller lik 18.

}

Vi menneske treng òg vilkår når vi skal utføre ei handling. Eit eksempel på dette kan vere når vi skal gå ut.

Flytskjema for å gå ut. Illustrasjon.

Flytskjema for å gå ut. Illustrasjon.

Her er vilkåret at det er kaldt ute. Dersom det er kaldt, tek vi på ei lue. Viss ikkje, går vi ut utan å ta på lue.

Elles/else

Når datamaskina sjekkar om eit vilkår går i oppfylling, vil dette føre til eit utfall. Du kan òg leggje inn utfall som skal skje dersom vilkåra ikkje er oppfylte. Då bruker vi else ("elles" på norsk).

Javascript

1
2
3
4
5
6
7
8
9
if (alder >= 18) {
    
    // Kode blir køyrt dersom alder er større enn eller lik 18.

} else {
    
    // Kode blir køyrt dersom vilkåret er usant.

}

Denne koden blir køyrd dersom vilkåret ikkje er oppfylt.

Viss/if med fleire utfall

Med ei if-setning kan du sjekke fleire logiske uttrykk etter kvarandre. Då bruker du else if ("elles viss" på norsk).

Javascript

1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
if (alder >= 18) {
    
    // Kode blir køyrt dersom alder er større enn eller lik 18.

} else if (alder >= 15 {
    
    // Kode blir køyrt dersom alder er større enn eller lik 15.

} else {
    
    // Kode blir køyrt dersom vilkåret er usant.

}

Vi kan lage så mange else if vi ønskjer, men det er viktig at vi ekskluderer eitt og eitt utfall. I eksempelet over sjekkar vi først om alderen er over eller lik 18. Dersom dette vilkåret er usant, veit vi at alderen må vere under 18. Det neste vilkåret sjekkar om alderen er over eller lik 15. Dersom dette er sant, vil det altså gjelde alle som er mellom 15 og 17. Dersom dette er usant, veit vi at alderen må vere under 15.

Sist oppdatert 12.02.2020
Skrive av Jan Frode Lindsø

Læringsressursar

Programmering