Hopp til innhald

Fagstoff

Variablar

Innan programmering bruker vi variablar for å lagre verdiar i minnet til datamaskina. Variablane har eit namn og får tildelt ein verdi som kan brukast og som oftast blir forandra undervegs i programmet.
To pappesker med lukka lokk som står ved sidan av kvarandre på golvet. Den eine er fire gonger så stor som den andre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er variablar?

Du kjenner kanskje til variablar frå matematikken? Vi kan til dømes sjå på likninga x + 1 = 3. I denne likninga er x variabelen, og verdien er sett til 2. Variablar i matematikk kan minne om bruken av variablar i programmering i den forstand at det er eit namn som representerer ein verdi.

Variablar er ein sentral del av alle typar programmering og er naudsynte for fleire sentrale delar av programmeringa.

Vi bruker variablar

  • som lagringsstad for data frå eksterne kjelder som skal brukast i programmet, til dømes sensordata
  • viss programmet har kode som skal takast opp att (lykkjer) eit bestemt tal gonger
  • for å sleppe å manuelt skrive inn faste verdiar som skal brukast mange gonger i løpet av koden
  • viss resultat frå utrekningar gjort tidleg i koden skal brukast til utrekningar seinare i programmet
  • for å lagre resultat frå koden som skal ut av programmet, til dømes viss dei skal visast på skjermen til brukaren

Deklarere variablar

For å ta i bruk variablar må vi deklarere dei. Dette blir gjort på ulike måtar i ulike programmeringsspråk. Med JavaScript bruker vi kommandoen let slik som i eksempelet under.

let talPaaPersonar;

Tidlegare vart var brukt for å deklarere variablar i JavaScript. Derfor vil ein god del eksempel på internett bruke var i staden for let. I din eigen kode bør du ikkje bruke var.

Tildele verdi

Når vi har deklarert variabelen, kan vi tildele variabelen ein verdi. Dette kan vi gjere når som helst i koden ved å skrive:

talPaaPersonar = 5;

Dersom vi allereie veit verdien vi skal lagre, kan vi tildele verdien samtidig som at vi deklarerer variabelen. Dette kan vi gjere slik:

let talPaaPersonar = 5;

Konstant

I nokre tilfelle blir det brukt variablar som ikkje skal endrast seinare i koden. Desse kallar vi konstantar.

Ein konstant kan vere ein verdi som er aldri vil bli forandra, som til dømes verdien av pi (3,141592). Det kan òg vere verdiar som ikkje vil bli forandra mens programmet køyrer (men som kanskje skal forandrast mellom versjonar av programmet).

Eksempel

Vi kan tenkje oss at vi skal lage eit program som skal sjekke kva rettar du har basert på kor gammal du er.

Ved starten av programmet blir brukaren spurt om alderen sin. Svaret blir lagra i ein vanleg variabel:

let personalder;

Vidare i programmet blir verdien av denne variabelen samanlikna mot ein konstant vi har laga for å sjekke om brukaren er 18 år eller eldre:

const myndigalder = 18;

Nedover i koden blir alderen til brukaren testa opp mot konstanten myndigalder, og programmet kan lage ei liste over kva rettar brukaren har.

Fordelen med å bruke ein konstant i staden for å manuelt skrive inn verdien 18 alle stader der alderen skal testast, er at viss myndigrettsalderen skulle bli forandra til til dømes 17 år seinare, så er det berre naudsynt å forandre koden éin enkelt stad:

const myndigalder = 17;

Bruken av konstantar fjernar òg moglege feilkjelder viss ein talverdi blir skriven feil i løpet av koden. Skriv vi feil namn på konstanten vi ønskjer å bruke, gir systemet ei feilmelding.

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø og Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2019

Læringsressursar

Programmering