Hopp til innhald

Fagstoff

Programmeringshistorie

Det kan vere naturleg å tenke at programmering er eit relativt nytt fenomen, men programmering har eksistert lenge før dei elektroniske datamaskinane.
Den første programmerbare elektroniske datamaskin i verda, ENIAC. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidlege datamaskinar

I 1843 blei Ada Lovelace sine notat publiserte i ein vitskapeleg bokserie. Ho jobba tett med den engelske matematikaren Charles Babbage, som var mest kjend for å lage maskinar som var forløparar til datamaskinane i dag. Desse maskinane var mekaniske, og Ada Lovelace beskreiv i notata sine korleis ein kunne programmere Babbage sin analysemaskin. Ho er derfor kjend for å ha laga det første programmet, og i seinare tid har ho i tillegg fått eit eige programmeringsspråk kalla opp etter seg.

I 1936 beskreiv Alan Turing ein automatisk maskin som seinare har blitt kalla ein Turingmaskin. Maskinen skulle kunne utføre operasjonar etter bestemte instruksar. Beskrivingane til Alan Turing blei viktige for datamaskinane vi bruker i dag.

Elektroniske datamaskinar

Den første programmerbare elektroniske datamaskinen i verda het ENIAC og blei først satt i drift i 1946. Han blei utvikla av den amerikanske hæren for å kalkulere utskyting av artilleri. Seks kvinner blei tilsette som dei første programmerarane av ENIAC, og desse blei gjennom arbeidet sitt viktige for utviklinga av programmering.

Dei første programmeringsspråka kom på femtitalet. Programmeringsspråk som COBOLT, FORTRAN og Autocode var viktige for å leggje grunnlaget for programmeringsspråka vi bruker i dag.

Dei fleste programmeringsspråk vi nyttar i dag har blitt utvikla frå 80- og 90-talet fram til i dag. I 1980 kom C++, som er basert på eit eldre programmeringsspråk som heiter C. Desse språka har hatt enorm innverknad på mange andre programmeringsspråk.

Det spesielle ved 90-talet var kommersialiseringa av internett. I denne samanhengen oppstod det fleire programmeringsspråk som har vore tett knytte til internett, som til dømes JavaScript og PHP. Andre kjente og viktige programmeringsspråk frå 90-talet er Python, Visual Basic og Java. Ofte var desse programmeringsspråka såkalla objektorienterte.

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2020

Læringsressursar

Programmering