Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arbeid med film om algoritmer

Kva er ein algoritme, og hva blir han brukt til? Bruk læringsstrategier for å lære med video.

Du kan jobbe aleine eller saman med andre.

Før du ser på videoen

  • Har du høyrt omgrepet algoritme før? Kva betyr det for deg? I kva for samanhengar har du høyrt om det eller brukt ordet sjølv?
  • Kva tenkjer du filmen kjem til å handle om? Kva vil du få vite meir om?

Arbeid undervegs

  • Summer kort opp det Oda seier om kva ho kan om algoritmar i starten av filmen.
  • Visste du dette? Er det andre ting du veit, som Oda ikkje seier noko om?

Søk opp personen

Søk opp personen Muhammad ibn Musa al-Khwarizmi. Kven er han, og kva slags samanheng er det mellom han og algoritmar?

Skriv ned sentrale omgrep

  • Skriv ned sentrale omgrep som blir presenterte i filmen. Kva betyr dei? Formuler med eigne ord.
  • Her får vi høyre om matoppskrifter og reiseveg som døme på algoritmar. Finn eigne døme på kva ein algoritme er.
  • Kva er algoritmen i denne oppskrifta: Oppskrift på vaflar frå Matprat.

Kva seier kjeldene?

I filmen er det tre ekspertar. Skriv ned namna på dei tre.

  • Vel deg ein av ekspertane og skriv ned ei oppsummering av det han eller ho seier.
  • Samanlikn oppsummeringa di med Oda si oppsummering. Kva er likt, kva er ulikt?

Arbeid etter å ha sett videoen

  • Lag ein rask profil over deg sjølv med utgangspunkt i dei digitale spora du legger igjen.
  • Skriv ned nokre punkt under tittelen: Dette har eg lært om algoritmar i dag.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Jan Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2019

Læringsressursar

Programmering