Hopp til innhald

Fagstoff

Funksjonar

Du kan dele opp koden din i ulike delar som utfører ulike oppgåver. Vi kallar desse delane for funksjonar. Dette bidreg til ryddigare kode og mindre sannsyn for feil.
Eit samleband med robotarmar på begge sider klare til å gjere kvar sin del av produksjonen. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lage ein funksjon

For å lage ein funksjon skriv du først function og namnet på funksjonen, følgd av to parentesar. Deretter skriv du koden funksjonen skal utføre, inne i to krøllparentesar.

Javascript

1function LeggSaman() {
2    // Kode som blir køyrd når funksjonen blir køyrd.
3}

Kalle på ein funksjon

For å kalle på ein funksjon skriv du berre namnet på funksjonen. Ved å skrive LeggSaman(), vil koden du har skrive inne i funksjonen LeggSaman() bli køyrd.

Funksjonskall med parametrar

Når du kallar på ein funksjon, kan du velje å sende parametrar til funksjonen. Det vil seie at du sender verdiar til funksjonen. Først må du likevel setje attributt på funksjonen. La oss seie at du ønsker at funksjonen skal leggje saman to tal. Då lagar du eit attributt for kvart tal. Attributt fungerer som variablar, men kan berre nyttast inne i funksjonen. Ein funksjon med attributt kan sjå slik ut:

Javascript

1function LeggSaman(tal1, tal2) {
2    // Kode som blir køyrd når funksjonen blir køyrd.
3}

I dette dømet har vi moglegheita til å sende to tal til funksjonen når vi kallar på han. Verdiane vi sender til funksjonen, kallar vi parametrar. Eit funksjonskall med parametrar vil då sjå slik ut:

Javascript

1LeggSaman(5,2);

Funksjonar som returnerer ein verdi

Vi skil gjerne mellom funksjonar som utfører ei handling og funksjonar som returnerer ein verdi. Ein funksjon som skal starte eit spel på nytt eller nullstille ein tekstboks, treng ikkje nødvendigvis å returnere nokon verdi. I enkelte tilfelle ønsker du å utføre ein funksjon og gjennomføre ei handling som returnerer eit resultat av denne handlinga. Nedanfor ser du eit døme på ein funksjon som returnerer summen av to tal som er sende til funksjonen:

Javascript

1function LeggSaman(tal1, tal2) {
2    return tal1+tal2;
3}

Vi kan til dømes no skrive LeggSaman(5,2) i koden vår, og dette vil då erstattast av summen av tala, som er 7.

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020

Læringsressursar

Programmering