Hopp til innhald

Fagstoff

Praktisk feilsøking av kode

Ein stor del av jobben med å programmere inneber å avdekkje og rette opp i feil i koden. Du bør derfor kjenne til enkle framgangsmåtar for å feilsøkje koden.
Nettbrett med kode, teikning med design, mobil og tekopp på eit bord. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte for feilsøking

Når du skal feilsøkje kode, bør du stille deg sjølv nokre spørsmål:

  • Kva ønskjer du at koden skal gjennomføre?
  • Kva skjer når du køyrer koden?
  • Kvar i prosessen skjer feilen som oppstår?

Utviklarverktøya

Dersom du skal feilsøkje i JavaScript-kode, vil det vere naturleg å bruke utviklarverktøya som du finn i menyen i nettlesaren din. Dei ulike nettlesarane har i tillegg eigne hurtigtastar for å opne utviklarverktøya:

Konsollen

Når du programmerer med JavaScript, kan du bruke den innebygde funksjonen console.log(). Med denne funksjonen vil du til dømes kunne skrive ut meldingar i konsollvindauget. Konsollvindauget finn du i utviklarverktøya i nettlesaren din. Under kan du sjå eit eksempel på korleis console.log() kan brukast for å skrive ut verdien frå ein variabel:

Javascript

1let tal = 5;
2
3console.log(tal);  // Denne koden vil skrive ut verdien til variabelen (5) i konsollvindauget.

Kommentere kode med feil

I enkelte tilfelle vil det kunne vere formålstenleg å kommentere ut kode for å finne feilen. Ved å skrive // føre ei linje med kode vil denne koden ikkje bli køyrt. Har du ein større del av koden som sannsynlegvis er feil, kan du bruke /* føre og */ bak for å kommentere denne koden.

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2020

Læringsressursar

Programmering