Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Praktiske JavaScript-oppgåver

Her skal du få prøve deg på nokre praktiske oppgåver med if-setningar og lykkjer.
Liten, raud buss med passasjerar køyrer på vegen. På sida av bussen står det "Hei, jeg er Mads. Jeg kjører helt selv!". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. If-setningar

Sjå på kodedømet i Codepen-vindauget under. Koden tek alderen til brukaren og skriv ut om hen må betale barnebillett eller vaksenbillett på bussen. Prøv å endre verdien på alder til 15 for å sjå at utskrifta endrar seg.

NB: Om du ønsker å lagre endringane du gjer i koden, og dele han med andre, må du klikke på "Fork on Codepen" øvst i det høgre hjørnet.

Du kan òg kopiere koden og lime han inn i eit HTML- eller JS-dokument. Hugs at JavaScript berre kan køyrast i nettlesaren, så du må anten legge koden inne i ein <script>-tag eller lenke ei .js-fil til HTML-fila med ein <script src="...js">-tag.

  1. Legg inn eit alternativ for honnørbillett i koden: Dersom alder er over 66, kan brukaren kjøpe honnørbillett. Prisen for honnørbillett er 25 kroner.

  2. Busselskapet tilbyr eit bonuskort for dei mest trufaste kundane sine. Bonuskortet gir 20 prosent rabatt. Legg inn kode som sjekkar om brukaren har bonuskort, og som reduserer billettprisen med 20 prosent (altså gongar prisen med 0,8).

    Tips: Lag ein ny variabel for bonuskort som kan vere true eller false.

2. For-lykkjer

For-lykkja over skriv ut alle tala frå 1 til 10.

  1. Endre ho slik at ho heller skriv ut alle partal frå 2 til 20.

  2. Endre ho slik at ho skriv ut alle oddetal frå 1 til 19.

  3. Endre ho slik at ho skriv ut alle tiarane (10, 20, 30 og så vidare) frå 0 til 500.

3. For-lykkje med if-setning

Lag eit program som skriv ut alle tala mellom 1 og 100 som er delelege på eit visst tal. Talet blir gitt i starten av koden som ein variabel og skal kunne endrast.

I Codepen-vindauget over ser du ei skisse av koden du treng. Fjern kommentarmarkørane (/* */) for å fylle inn resten av koden.

Tips: For å sjekke om eit tal er deleleg på eit anna, bruker du dette vilkåret:

teljar % nemnar === 0

Dersom vilkåret er sant (true), er teljaren deleleg på nemnaren.

CC BY-SASkrive av Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Programmering