Hopp til innhald

Fagstoff

Viktige nettstader for programmering

Ein stor del av programmering handlar om å feilsøkje og finne løysingar på problem. Derfor kan det vere nyttig å ha kjennskap til ulike nettstader som kan vere ei støtte når ein skal programmere.
Programmering i kodar der tal og bokstavar er med. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

StackOverflow

StackOverflow er ein slags kombinasjon av ein spørjeteneste og eit nettsamfunn. Her møtest utviklarar og programmerarar for å dele erfaringar og kunnskap med kvarandre. Ved å bidra i nettsamfunnet gjennom å stille gode spørsmål eller svare på spørsmål vil ein bli påskjønt med meir funksjonalitet og høgare poengsum.
StackOverflow.com

W3schools

W3schools er ein nettstad med oppslagsverk og eksempel for fleire ulike programmeringsspråk. Nettsida har òg ein eigen editor som gjer at ein kan prøve dei ulike eksempla for å sjå kva som skjer når koden blir køyrd.
W3schools.com

GitHub

GitHub er ein nettstad som tilbyr lagring av såkalla versjonskontroll for kode. Dette er ein nettstad som er godt kjend mellom utviklarar. Det blir brukt til å halde orden på ulike versjonar av koden og til samarbeid med andre på same kode. Sjølve systemet Git vart oppfunne av finske Linus Torvalds, som er mest kjend for å stå bak operativsystemet Linux.
GitHub.com

Code.org

Code.org er ein nettstad som vart utvikla for å skape interesse for koding og gi folk moglegheita til å lære seg det. På nettsidene til Code.org finn du ulike nettressursar og kurs som er tilpassa ulike aldrar. Code.org står òg bak initiativet Kodetimen, som er eit verdsomspennande arrangement der éin time skal vere dedikert til koding.
Code.org

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020

Læringsressursar

Programmering