Hopp til innhald

Fagstoff

Feilsøking

Feilsøking er ein stor del av jobben med å programmere. Når du jobbar med feilsøking, vil du oppleve at både syntaktiske og logiske feil oppstår.
Person med hjelm og verktøy reparerer datamaskin. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Syntaktiske feil

Ein syntaktisk feil er ein feil som oppstår dersom ein har skrive noko feil i koden – altså ein skrivefeil. Syntaktiske feil er enklare å oppdage fordi du vil få feilmeldingar når koden blir køyrd. Det er vanleg at programmet vil krasje ved syntaktiske feil.

Javascript

1function leggSaman(a, b {
2	return a+b;
3}

Denne koden vil gi ein syntaktisk feil fordi det manglar ein avsluttande parentes etter bokstaven b i den første linja.

Logiske feil

Ein logisk feil i eit program er ein feil som gjer at resultatet av koden gir eit anna utfall enn det ein hadde tenkt. Koden vil med andre ord køyre som normalt utan å krasje, og du vil ikkje få opp noka feilmelding. Ein metode for å feilsøkje koden etter logiske feil er å skrive ut verdien frå variablar ulike stader i koden, for å finne ut kvar i koden feilen ligg.

La oss seie at du har laga ei lykkje som skal køyre 10 gonger:

Javascript

1for (let i = 1; i < 10; i++) { 
2	// Kode som skal køyre 10 gonger.
3}

I vilkåret står det likevel at løkka skal køyrast så lenge variabelen i er mindre enn 10. Det vil seie at han sluttar på den niande iterasjonen. Du vil altså ikkje få noka feilmelding, men koden vil gi eit anna resultat enn du hadde tenkt deg.

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2020

Læringsressursar

Programmering