Nokre gonger kan det vere behov for å sjekke om fleire vilkår er oppfylte. Då bruker du dei logiske operatorane OG og ELLER.

Og/and
Dersom vi skal kombinere fleire vilkår der alle må vere oppfylte, kan vi bruke den logiske operatoren og (and på engelsk). Dette gjer vi ved å skrive && mellom uttrykka vi skal sjekke. Nedanfor kan du sjå eit eksempel på ei if-setning der and-operatoren blir brukt.
Javascript
1
2
3
4
5
if (alder >= 18 && legitimasjon == true) {
// Kode som blir køyrt dersom vilkåra er sanne
}
I dette eksempelet skal du lese uttrykket slik:
Viss alder er over eller lik 18 og legitimasjon er sann.
Eller/or
Dersom du skal kombinere fleire vilkår der minst eitt må vere oppfylt, kan vi bruke operatoren eller (or på engelsk). Dette gjer vi ved å skrive || mellom uttrykka vi skal sjekke. Nedanfor kan du sjå eit eksempel på ei if-setning der or-operatoren blir brukt.
Javascript
1
2
3
4
5
if (alder >= 18 || hogde >= 180) {
// Kode som blir køyrt dersom vilkåra er sanne
}
I dette eksempelet skal du lese uttrykket slik:
Viss alder er over eller lik 18 eller høgde er over eller lik 180.