Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering filmproduksjon

Her kan du sjekke kva du har lært i emnet filmproduksjon. Har du fått med deg alt?
Filmklappar framom ansiktet til ein person. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du forstått?

Svarer du ja på spørsmåla nedanfor, har du god greie på filmproduksjon.

Vg1

  • Eg er kjend med kameraet, tekniske spesifikasjonar og korleis eg førebur opptak.

  • Eg kjenner til fagomgrep om kamerarørsler, utsnitt og perspektiv.

  • Eg kan ein del om oppløysing og biletformat i ein videoproduksjon.

  • Eg kan redigere videofiler i eit eigna redigeringsprogram og eksportere i riktig filformat.

  • Eg kjenner til dei mest typiske dramaturgimodellane, som Hollywood-modellen.

  • Eg kan gjennomføre ein enkel videoproduksjon.

  • Eg har brukt storyboard i planlegginga av ein produksjon.

  • Eg kan lage synopsis og eit enkelt manus.

  • Eg har øvd meg på kontinuitetsklipping og forstår kva som blir meint med aksebrot og jump cut.

Vg2

  • Eg kan planleggje ein filmproduksjon frå A til Å.

  • Eg har prøvd å lage ein dramaturgi med anslag, vendepunkt og klimaks.

  • Eg har vorte meir klar over karakterutvikling og korleis eg kan lage interessante fiktive personar.

  • Eg har fått trening i å gjere forarbeid slik dei gjer i filmbransjen.

  • Eg har skrive manus i eit manusprogram.

  • Eg veit kva skotliste og produksjonsplan er.

  • Eg har drive med iscenesetjing og forstår kva som blir meint med scenografi.

  • Eg kan publisere produksjonen min i passande format og i eigna kanal.


Kan du forklare omgrepa?

Fagomgrep

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

Filmproduksjon