1. Ulike lydtypar
Les artikkelen "Lyd i filmproduksjon" og sjå videoane om korleis ein jobbar med dialog, kontentum, musikk og effektlyd i film.
2. Øving i dialog
Lag ein dialog mellom to personar som diskuterer ein matrett. Relasjonen mellom dei to personane skal komme fram i kroppshaldning og tonefall.
Skriv ein kort dialogscene.
Film dialogen med ein mobiltelefon.
Klipp saman ei skisse av dialogscenen.
Vis arbeidet til medelevar og diskuter skissene med utgangspunkt i følgande sitat frå fagartikkelen:
"Kvifor er karakterane der dei er, kva gjer dei, og kvifor snakkar dei saman? Kva relasjon har dei, og kva kjensler har dei for kvarandre? Dialogen må oppfattast som naturleg. Hugs å bruke eit presist, munnleg språk og kutt ut alle unødvendige ord i arbeid med manuset."
3. Sjå gjennom tre filmscenar
Nedanfor ligg det tre filmscenar utan lyd. Sjå gjennom scenane og last ned den du vil jobbe vidare med.
4. Gjer lydopptak og finn lyd
Du skal skape ei filmoppleving gjennom eit lydarbeid. Du skal bruke kontentum, musikk og lydeffektar for å skape truverd, skape kjensler hos publikum og gi filmscenen rytme.
Lydspora er ein viktig del av den dramaturgiske opplevinga av filmscenen. Kva kjensler skal du vekke hos sjåarane dine, er det skrekk, idyll eller kanskje sorg?
Planlegg kva stemning du vil ha for scenen, og korleis han skal drivast framover.
Gjer eigne lydopptak for kontentum og effektar.
Du kan òg finne lydeffektar på nettet.
Bruk musikk som passar.
Vis arbeidet til medelevar. Diskuter bruk av kontentum, musikk og lydeffektar og kva desse har å seie for filmopplevinga.