Hopp til innhald

Fagstoff

Subjektivt kamera

Enkelte gonger ønskjer vi å vise kva karakteren ser, tenker eller opplever. Både innanfor litteratur og film bruker vi då omgrepet subjektiv synsvinkel. I filmspråket blir dette også omtalt som subjektivt kamera.

Denne videoen er laget av elevbedrifta Røver UB ved Elvebakken vidaregåande skule på bestilling frå NDLA.

Når kameraet er auget som ser

Enkelte gonger ønskjer vi å vise kva karakteren ser, tenker eller opplever. I norskfaget vert dette kalla personal synsvinkel. I filmspråket brukar ein ofte omgrepet subjektivt kamera. Det betyr at filmkameraet blir auget som ser og opplever det som skjer.

Ein kan bruke subjektivt kamera både i enkeltscener og som eit gjennomgåande stilistisk verkemiddel i ein film. Det er vanleg å skilje mellom perseptuell synsvinkel og konseptuell synsvinkel.

Perseptuell synsvinkel

Gjennom ein perseptuell synsvinkel ønskjer vi å halde fram kva karakteren ser.

  • Først filmar du karakteren.
  • Deretter tek du eit halvnært bilete av ansiktet.
  • Så klipper du til eit bilete av det karakteren ser.
  • Til slutt vender du tilbake til eit halvnært bilete av karakteren.

Konseptuell synsvinkel

Gjennom ein konseptuell synsvinkel viser vi kva karakteren tenker.

  • Start med eit halvnært bilete av karakteren.
  • Så klipper du til eit bilete av det karakteren fysisk ser.
  • Deretter vel du eit nærbilete som gjer at vi som ser på, får ei kjensle av at vi får tilgang til tankane til karakteren.
  • Neste bilete er ei visualisering av kva karakteren tenker, drøymer eller opplever.
  • Deretter klipper du tilbake til nærbilete.
  • Til slutt blir handlinga forankra attende til røyndomen med eit bilete av det karakteren fysisk ser.
  • Avslutt med eit halvnært bilete av karakteren.

Tilbakeblikk

Subjektivt kamera eller konseptuell synsvinkel er ofte blitt brukt for å vise kva ein karakter har opplevd tidlegare. Ofte kan dette vere opplevingar som personen har fortrengt. Ei spesiell hending i notid kan få karakteren til hugse det som skjedde. I filmen Hiroshima Mon Amour (1959) av nybølgjeregissøren Alan Resnais får vi gjennom hyppige tilbakeblikk kjennskap til fortida til karakteren som kjæraste til ein tysk soldat. Det er gjennom møtet med ein japansk arkitekt at desse minna blir vekte til live.

Fantasi og medvit

Fantasiar og draumar er ofte blitt formidla ved hjelp av subjektivt kamera. I dansescena i filmen American Beauty (1999) av Sam Mendes blir subjektivt kamera brukt til å gje oss tilgang til dei draumane og fantasiane hovudpersonen Lesters har om Angela, bestevenninna til dottera hans. I fleire klipp ser vi Angela framstilt gjennom eit hav av roseblad og en raud fargekoloritt. På ei framsyning på skulen blir vi vitne til korleis fantasiane hans om Angela står i kontrast til det dei andre karakterane i filmen opplever.

I filmen Being John Malkowitch (1999), regissert av Spike Jonze, oppdagar dokkespelaren Craig ein inngang til medvitet til skodespelaren John Malkowich. Portalen går ut frå kontoret der han jobbar i etasje 7 1/2 i New York. Ved å gå gjennom denne portalen, får vi som publikum sjå kva John Malkowich ser, tenker og opplever. Spesielt spennande blir det da han sjølv går inn i sitt eige medvit. I dette filmklippet kan du sjå kva som skjer når John Malkowich går inn i sitt eige medvit.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2022

Læringsressursar

Filmproduksjon