Hopp til innhald

Fagstoff

Tips til forarbeidet til ein film

Vil du bli ein proffare filmskapar, bør du bruke tid på første fase i ein filmproduksjon: forarbeidet. Her fortel regissøren av spelefilmen Alle utlendingar har lukka gardiner om prosessen frå manus til film.

God planlegging er heilt nødvendig

Ingvild Søderlind, regissøren bak filmen Alle utlendingar har lukka gardiner, seier at den største delen av jobben med ein filmproduksjon ligg i planlegginga. Dess meir tid du har brukt på å planleggje, dess betre blir filmen.

Planlegginga av ein filmproduksjon kallar ein forarbeid eller . Preproduksjonen omfattar alt arbeidet som må gjerast før du går i gang med opptak, som til dømes å utvikle historia, skissere scener, planleggje opptak og skaffe medarbeidarar, utstyr og skodespelarar.

Sju steg i forarbeidet

  1. Filmidé

  2. Synopsis

  3. Pitch

  4. Manus

  5. Stilen på filmen

  6. Skotliste og/eller storyboard

  7. Øving, øving, øving

Steg 1: Filmidé

Alt filmarbeid startar med ein idé. Bruk ulike idéutviklingsteknikkar for å vekkje kreativiteten, og jobb aleine eller saman med andre. Ta deg god tid i denne fasen.

Denne ressursen kan vere nyttig:
Gruppearbeid: Utvikle ein filmidé (NDLA)

Tips: Bruk målgruppa i idéutviklinga

Når NRK skal skape nytt innhald, jobbar dei nokre gonger etter NABC-metoden. Det betyr at dei snakkar med målgruppa for å finne ut kva dei vil ha. Då får målgruppa vere med og forme produksjonen.

  • N står for need (behov): Har målgruppa eit behov for denne filmen?

  • A står for approach (framgangsmåte): Korleis kan ein fengje målgruppa?

  • B står for benefits (fordelar): Er det bruk for idéen? Kvifor?

  • C står for competition (konkurranse): Korleis er konkurransen? Vil filmen skilje seg ut?

    NDLA: Mer om NABC-metoden

Steg 2: Synopsis

Når du har ein idé til filmen du skal lage, må du skrive ein . Det er eit tekstutkast som forklarer filmforteljinga di. I ein synopsis skal du spesifisere

  • hovudkarakter (protagonist)

  • motstandar (antagonist)

  • hovudkonflikt

  • målet til hovudkarakteren

  • vendepunkt

  • klimaks

  • løysing

Du bør få med dei viktige dramaturgiske elementa: Skisser ei innleiing som fengjer og som presenterer ein tydeleg konflikt, ein midtdel der spenninga stig og ein slutt som byr på ei løysing på konflikten og ei avrunding.

Døme på synopsis (NDLA)

Filer

Steg 3: Pitch

Når du har skrive ferdig synopsisen, kan du førebu ein kort for å selje filmidéen din og skaffe samarbeidspartnarar. Ver engasjert og utdjup kva slags film du vil lage, og korleis og kvifor du vil lage han. Formålet med pitchen er å få andre til å tenne på idéen din og sjå potensialet i han, slik at dei kan hjelpe deg å utvikle idéen og realisere filmen.

Denne ressursen kan vere nyttig når du førebur pitchen din:
Slik lagar du ein pitch (NDLA)

Steg 4: Manus

Når du har overtydd andre om å gå for idéen din, må du skrive eit . Dette kan du gjere aleine, eller du kan samarbeide med filmgruppa di. Manuset skal beskrive handlinga og replikkane i filmen, altså det vi seinare skal få sjå og høyre. Det kan vere lurt å la utanforståande vurdere manuset når det er ferdig, slik at du kan få tilbakemeldingar på forteljinga og dramaturgien før opptak.

Desse ressursane kan vere nyttige når du skriv manus:
Manus og dramaturgi (NDLA)
Skrive manus og manusprogram (NDLA)

5. Stilen på filmen

Når manuset er klart, er det på tide å bestemme det visuelle uttrykket filmen skal ha. Skal det vere røft eller klassisk? Fargar eller svart-kvitt?

De må finne ut kvar de skal filme, sjekke ut stadene og tenkje gjennom kva for kostyme og rekvisittar de treng.

I tillegg må de tenkje gjennom filmspråket. Korleis vil de ramme inn bileta, lyssetje, bruke kameravinklar og utsnitt for å forsterke historia? Det finst mange ulike måtar å løyse det visuelle på i ein film.

Døme på visuelle filmstilar:

1) Regissør Ruben Østlund bruker gjerne lange takingar, og handlinga får gå føre seg med få avbrytande klipp. Sjå døme på Østlunds stil i ei scene frå ein av spelefilmane hans, The Square.

2) Med spelefilmen Idiotene ønskte den danske regissøren Lars von Trier å bryte med den glatte, kommersielle Hollywood-stilen. Idiotene er laga med enkelt utstyr, filma med handhalde kamera og utan bruk av kunstig lys.

6. Skotliste og/eller storyboard

og bør lagast etter at de har sjekka ut stadene der de vil filme. Då er det lettare å skissere bileta som publikum skal få sjå. Ei skotliste er ei skriven oversikt over kvart bilete i filmen dykkar, medan eit storyboard er ei biletframstilling av manuset. Lag gjerne begge delar før de går i gang med opptak.

Filer

7. Øving, øving, øving

Sørg for at alle som skal delta i filmen, møter godt førebudd til filming. Køyr ein felles gjennomgang av manus og andre førebuingsdokument, øv på replikkar og snakk med fotografen(e) om bileta. Då blir opptaka meir effektive – og betre!

Når de er ferdige med alt dette, er de klare for neste skritt i prosessen: produksjon!

Utsnitt frå filmen "Alle utlendinger har lukka gardiner". Fem jenter i ulike typar fritidsklede står på ei kunstgrasbane.

Relatert innhald

Her finn du ferdige malar som du kan bruke i arbeidet med å lage synopsis, storyboard, skotliste og produksjonsplan.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 30.08.2021

Læringsressursar

Filmproduksjon