Hopp til innhald

Fagstoff

Filmprodusenten: frå idé til film

Oppgåva til produsenten er å lage ein best mogleg film ut frå dei ressursane som er tilgjengelege, seier filmstudent Stian Skjelstad i ein film produsert for Amandus filmfestival. Her deler han gode råd om vegen frå idé til film.

Stian Skjelstad går på produsentlinja ved Den norske filmskulen i Lillehammer. Han hevdar at du berre treng tre ting for å komme i gang med filmproduksjon: nokon å filme saman med, nokon å filme og ein stad å filme.

I tillegg må du heile vegen jobbe med dette:

  • Prioriter kva du vil bruke tid og/eller pengar på (døme: finne location, kjøpe utstyr).

  • Løys problem som dukkar opp (døme: mangel på skodespelarar).

  • Aldri la hinder stoppe deg (døme: null i budsjett).

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 05.09.2022

Læringsressursar

Filmproduksjon