Hopp til innhald

Fagstoff

Filmfotografen og framing

Korleis kan du komponere bileta dine for å støtte historieforteljinga i ein film? Filmstudent Karoline Sødal Sellæg deler tipsa sine i ein film produsert for Amandus filmfestival.

Filmfotografen fortel ei historie gjennom bilete og skal hjelpe regissøren med å få fram visjonen han eller ho har, seier Karoline Sødal Sellæg. Ho studerer filmfoto ved Den norske filmskolen på Lillehammer.

Her deler ho nokre konkrete tips til korleis du kan jobbe med framing for å fortelje meir gjennom bileta dine.

Korleis kan du bruke framing for å fortelje?
HistoriaTipset til filmfotografen
Forsterke at karakteren kjenner seg pressaGjer biletet trongare. Plasser karakteren i eit hjørne, omgitt av vegger.
Vise at karakteren kjenner seg einsamPlasser kameraet langt bak for å få eit stort, tomt rom rundt karakteren.
Forklare at karakteren kjenner seg mektigBruk undervinkla perspektiv for å gjere karakteren større.
Vise at karakteren er reddBruk overvinkla perspektiv for å gjere karakteren mindre.
Få fram at situasjonen er kaotisk

Skråstilt kamera kan brukast for å understreke ubalansen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 05.09.2022

Læringsressursar

Filmproduksjon