Hopp til innhald

Fagstoff

Iscenesetjing av ein film

Møblane i stova, bøkene i bokhylla eller bileta på veggen i ei bestemd filmscene er ikkje tilfeldig valde. Dette er døme på element som utgjer scenografien i filmen. Scenografien er ein heilt sentral del av iscenesetjinga (mise-en-scène) i ein film.
Stillbilete frå filmen Victoria. Pent kledde personar sit ved eit dekt langbord og løfter glaset. Ei ung kvinne ved midten av bordet står oppreist, og dei andre sit.

Scenografi

Scenografi kan bli kort forklart som det visuelle utrykket og designen i ein film. Scenografien omfattar alt frå bruken av fargar, kulissar, rekvisittar og kostyme til andre visuelle detaljar.

Sjølve ordet scenografi har gresk opphav og stammar frå dei to orda "skene" (scene eller scenebygning) og "grafi" (å beskrive).

Målet med scenografien er å røre ved publikum emosjonelt og å bygge opp under det som skjer i filmen. Dette blir gjort gjennom å designe visuelle rom der karakterane og handlinga i filmen kan spele seg ut.

Den personen som har det overordna ansvaret for scenografien i ein film, blir ofte kalla for produksjonsdesignaren.

Mise-en-scène (iscenesetjing)

Mise-en-scène, eller iscenesetjing på norsk, kan noko forenkla bli forstått som alt det vi ser i ein film, eller i ei filmscene.

Sidan iscenesetjing handlar om alt som går føre seg framfor kameraet, inkluderer det fleire filmatiske verkemiddel. Det kan til dømes vere scenografien, prestasjonane til skodespelarane, kostyme, val av location (opptaksstad), kamerabruk, biletutsnitt og lyssetjing.

Døme på scenografi

Du får no døme på scenografi i fire filmar som er tilgjengelege i NDLA si filmteneste. Døma blir presenterte gjennom små klipp frå filmane, og dei blir følgde av ein kort tekst som beskriv scenografien.

Kulissar

I dette utdraget frå filmen De Urørlige ser vi at hovudpersonen i filmen, Driss, er på jobbintervju heime hos Philippe. Philippe er lam frå livet og ned og skal no tilsette ny pleieassistent. Kulissane og rekvisittane i rommet gir oss fleire hint om personen som bur i huset. Kunsten i gullrammer på veggene, dei eksklusive møblane, lampene og porselensvasane får oss til å forstå at dette er heimen til ein svært rik og velståande person.

Sjå heile De Urørlige på NDLA film.

Tidsrekvisittar


I denne scena frå heimen til "den folkelege" Tony Blair i filmen The Queen er det lett å sjå kva tiår ein er i. Vi ser cornflakes med 90-talsdesign, trådlaus hustelefon og ein liten tv på kjøkkenet. Alle desse rekvisittane bidreg til ein truverdig tidskoloritt frå 1997.

Sjå heile The Queen på NDLA film.

Bruk av fargar


I denne scenen blir vi med tilbake til barndommen til keisaren i filmen Den siste keiseren. Bruken av fargane raudt og gult/oransje er dominerande i filmklippet. Sterke og symbolske fargar er gjennomgåande i scenografien i filmen, og fargane kan i fleire scener bli sett på som bilete på ulike stadium i livet til keisaren.

Filmen vann heile ni Oscar-statuettar i 1988, mellom anna i kategorien for beste scenografi (produksjonsdesign).

Sjå heile Den siste keiseren på NDLA film.

Kostyme


Kostyme er òg ein del av scenografien. Kva karakterane har på seg, seier noko om kven dei er. Kostyme kan òg illustrere alt frå tidsepoke til klassetilhøyrsel. I klippet frå filmen Victoria ser ein først ei scene hos familien til Victoria, og deretter ei scene frå Johannes og omgangskrinsen hans. Legg merke til korleis forskjellane mellom dei blir forsterka av scenografien.

Sjå heile Victoria på NDLA film.


Kjelder

Bikset, L. (2019, 16. september). Scenografi. I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/1308505

Den norske filmskolen. (u.å.). Produksjonsdesign. Henta 20. januar 2021 frå https://www.filmskolen.no/studier/bfa/pd

Svenska Filminstitutet. (u.å.). Mise-en-scène. Henta 21. januar 2021 frå https://www.filminstitutet.se/sv/fa-kunskap-om-film/filmpedagogik/filmlexikon/mise-en-scene/

Terning, P., & Voss, N. W. (2017, 23. januar). Filmtriks: Tre måter å bruke long-takes. Amandusfestivalen. https://amandusfestivalen.no/input/filmtriks-tre-mater-a-long-takes/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 22.06.2023

Læringsressursar

Filmproduksjon