Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Introduser ein filmkarakter

Skap ein fiktiv karakter til ein fiksjonsfilm. Korleis kan de fortelje mest mogleg om ein person gjennom bilete og lyd, utan å bruke dialog og forteljarstemme?
Eit baderomsgolv dekt med små lyseblå fliser. I bakgrunnen ser ein røyropplegget til ein vask. Hovudmotivet i framgrunnen er ein nokså lang fot. Huda på hælen er hard, ankelen relativt smal og den synlege delen av leggen er slank.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag

Lag ein kort videosekvens som introduserer ein karakter i ein fiksjonsfilm. Gjennom introduksjonen skal publikum få viktig informasjon om karakteren.

Fase 1: Skap ein fiktiv person

Skriv ned ei liste med informasjon om ein fiktiv person. Ta også med spesielle karaktertrekk.

Fase 2: Lag ein synopsis

Skriv ein kort synopsis som omfattar to eller tre scener, der karakteren blir introdusert for tilskodarane. Legg vekt på å formidle informasjonen ved hjelp av visuell kommunikasjon, ikkje gjennom dialog eller voice-over.

Fase 3: Produser filmscenene og test dei på publikum

Dersom tida tillèt det, kan de produsere og redigere dei filmscenene de har skildra.

Vis deretter filmscenene for eit publikum som ikkje kjenner den fiktive karakteren de har skapt. Be publikum skildre kva for eit bilete dei har danna seg av karakteren etter å ha sett filmscenene. Stemmer dette med det inntrykket de ønskte å formidle?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Tom Costigan og Mediana.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2021

Læringsressursar

Filmproduksjon