Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Fortel med subjektivt kamera

Utforsk korleis subjektivt kamera påverkar korleis vi forstår ein film, og produser eigne opptak.

Oppgåve 1

Sjå fillmen Wheels (YouTube.com).

Kva oppnår filmskaparane ved å konsekvent bruke subjektivt kamera i denne filmen?

Oppgåve 2

Vel a eller b.

Bilde av gutt i rullestol. Fugleperspektiv.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Lag ein tilsvarande film på eitt minutt, der du ved hjelp av subjektivt kamera viser korleis ein person som har ei funksjonshemming, opplever verda.

  2. Lag to filmscener, kvar på 30 sekund, der du bruker både perseptuell og konseptuell synsvinkel som verkemiddel. Sjå sida Subjektivt kamera (ndla.no) for meir informasjon om desse synsvinklane.

    Filmscene 1

    Nærbilde av ung kvinne og ung mann. Begge har solbriller på. De smiler og ser på hverandre. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge

    Film eit møte mellom ein gut og ei jente. Film delar av filmen frå jenta sin synsvinkel.

    Filmscene 2

    Film eit møte mellom ein gut og ei jente. Film delar av filmen frå guten sin synsvinkel.

Relatert innhald

Enkelte gonger ønskjer vi å vise kva karakteren ser, tenker eller opplever. I filmspråket blir dette omtalt som subjektivt kamera.

Ei historie kan forteljast på ulike måtar: i første eller tredje person, med eller utan innblikk i kva personane tenker, med eller utan synleg forteljar.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018

Læringsressursar

Filmproduksjon