Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gruppearbeid: Utvikle ein filmidé

Jobb i grupper, og bruk det de har lært om idéutvikling og kreative metodar, når de skal løyse eit filmoppdrag saman. Bruk idéutviklingsmetoder for å skape ein filmidé som de seinare kan utvikle til ei historie.
Eit stort filmkamera står montert på eit stativ. Ei hand justerer på objektivet. Foto.

Jobbe strukturert med idé- og planlegging i fasen . Pre betyr «før» og handlar om arbeidet som blir gjort før opptak. Preproduksjonen er den fasen som gjerne tek lengst tid i ein profesjonell filmproduksjon. Gjer de grundig arbeid i preproduksjonsfasen, vil produksjonen (opptaka) og postproduksjonen (etterarbeidet) gå lettare og raskare.

Framgangsmåten i dette oppdraget kan de gjerne bruke i arbeidet med idéutvikling og planlegging i andre filmproduksjonar.

Fase 1: Bli trygg i gruppa

Bruk litt tid på å skape god stemning i gruppa før de startar det kreative arbeidet. Gjer til dømes denne oppvarmingsøvinga:

Finn tre ting de har felles, og tre ting som skil dykk frå kvarandre.

Her finn de fleire bli-kjende-øvingar.

Fire ungdommar sit rundt eit bord i skulegarden og pratar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fase 2: Finne idear

Når gruppa er etablert, skal de saman utvikle ein idé til ein kortfilm. Skap ein idé til ein kortfilm basert på eitt av desse stikkorda:

  • annleis
  • dilemma
  • respekt
  • rasisme


Bruk éin eller fleire kreative metodar for å kome i gang med idéutviklinga:

Relatert innhald


Til inspirasjon

På NDLA film er det ei samleside for filmar med liknande tema: Filmar om minoritetar, mangfald og utanforskap.

Fritt Ord har ein årleg konkurranse om ytringsfridom og demokrati. Her kan du sjå eit tidlegare vinnarbidrag om rasisme.

Fase 3: «Kill your darlings»

No har de forhåpentleg kome på fleire idear til ein film. Då er det tid for å vere meir kritisk og kaste ideane som ikkje skal brukast. «Kill your darlings» er eit omgrep i mediebransjen. Det betyr at ein må gi slepp på noko ein liker godt, for å kunne satse fullt på den ideen ein trur vil fungere best.

To hender skriv på post-it-lappar som er festa på eit vindauge. Foto.

Fase 4: Vidareutvikle ideen

I denne fasen skal de utvikle den eine ideen vidare. No er det på tide å tenkje grundigare gjennom premissen for filmen, altså plottet og kva filmen handlar om. Kva er konflikten? Korleis kan de byggje opp dramaturgien?

Ei typisk filmforteljing startar med ei naturleg historie som blir utsett for eit brot. Som til dømes i Shakespeares Romeo og Julie: To personar blir kjærastar, men familiane aksepterer ikkje forholdet.

Ein metode for å finne brotet, eller variasjonen i historia dykkar, er å teste ut «så skjer det noko»-leiken.

«Så skjer det noko»-leiken

Poenget med denne øvinga er å skape framdrift og spenning i historia (dramaturgi). Ein i gruppa startar med å seie noko som har tilknyting til historia de vil fortelje. De andre følgjer opp med spørsmål som: Kva skjer vidare? Korleis reagerer han/ho? Kva seier han/ho? Plutseleg skjer det noko! Kva?

Byt på å stille spørsmål og gi svar.

Her er eit døme på korleis de kan stille spørsmål for å drive ei handling framover:
Klipp frå NRK-programmet Karl Johan, klikk på Folkets film: Under 60 seconds.

Fase 5: Evaluer prosessen

No byrjar forhåpentleg ideen dykkar å likne ei historie med ein klar premiss og eit klart tema. Då er det tid for å evaluere idéprosessen.

Set av 15 minutt til å reflektere over samarbeidet og idéutviklingsmetodane dykkar.

  • Korleis var det å gjere bli-kjende-øvingar? Kan de kome på grunnar til å ha slike leikar i starten av eit gruppearbeid, og grunnar til å la vere?
  • Kva for ein/nokre idéutviklingsmetode/-metodar brukte de? Kva var bra, og kva var utfordrande med metodane?
  • Kvifor kan det vere smart å teste ut ulike metodar for idéutvikling?
  • Blei de meir kreative i idéprosessen?
  • Har dette oppdraget bidrege til at de no gjer førearbeidet i filmproduksjonar grundigare? Kvifor, kvifor ikkje?
  • Nemn éin ting kvar som de vil ta med dykk vidare i læringsarbeidet dykkar.

Når de har reflektert ferdig, kan de vurdere å halde fram preproduksjonsarbeidet med å lage synopsis, manuskript og storyboard til filmen. Høyr med læraren dykkar om de har tid til å gå vidare i prosessen!

Relatert innhald




CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2021

Læringsressursar

Filmproduksjon