Hopp til innhald

Fagstoff

Slik introduserer du ein filmkarakter

I ein fiksjonsfilm eller ein dokumentarfilm må sjåarane bli kjende med personane filmen handlar om. I dette filmklippet blir ein mannleg karakter introdusert. Kva veit vi om denne personen gjennom det vi får sjå så langt i filmen?

I filmproduksjon må alt vere gjennomtenkt. Det blir teke mange val, og ingenting kan vere tilfeldig. Sjølv små detaljar i biletutsnitt bidreg til å fortelje viktige sider ved karakterar, og dei bidreg til framdrift i forteljinga.

Kva fortel bileta oss om karakteren i filmen, og kva har bileta å seie for korleis vi forstår hendingane i forteljinga?

Mann sit på ein traktor med eit nettbrett. Vi ser ikkje ansiktet hans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletet fortel:

  • Han er (kanskje) bonde.
  • Han er interessert i noko.
Buss køyrer på ein veg. Det er mange tre på begge sider av vegen. Ein motorveg går parallelt med vegen bussen køyrer på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletet fortel:

  • Han bur landleg til.
Mann bruker inhalator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletet fortel:

  • Han har astma.

Hotellkorridor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletet fortel:

  • Han oppsøker eksklusive omgivnader.

Giftering på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletet fortel:

  • Han er gift.

  • Han vel å ta av ringen.

Mann sit åleine i ein restaurant ved eit tomannsbord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletet fortel:

  • Han ventar på nokon i ein restaurant.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tom Costigan og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 29.12.2017

Læringsressursar

Filmproduksjon