Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Bær

Fagstoff
Video

Solbær

Solbær er i nær slekt med rips og har vore viltveksande før vi begynte å dyrke dei. I Noreg har solbær vore kjende sidan 1600-talet. Frå byrjinga av vart solbær brukte til medisinske formål. Seinare oppdaga ein at dei òg kunne brukast til vin og anna matlaging.

Dyrking og lagring

Den norske sesongen for solbær er kort og varer berre frå juli til august. Viss bæra blir oppbevarte kjølig, mellom 2 og 4 gradar, held dei seg i 2 til 4 dagar.

Bruksområde

Berre ein liten del av det som blir dyrka av solbær i dag, blir omsett i frisk tilstand, sidan mykje går til safting og sylting i næringsmiddelindustrien.

Solbær kan etast til dessert med sukker, til is eller med mjølk. Dei kan brukast til syltetøy, saft og gelé. Solbær er òg godt i pai saman med andre bær. Solbær er fine å lage vin og likør av og kan òg frysast.

Kvalitetskrav

Solbær skal vere velutvikla og mørke i fargen. Dei skal vere tørre og reine. Solbær skal ikkje ha trykkskadar eller flekkar.

Næringsinnhald

Solbær inneheld mykje antioksidantar, mellom anna vitamin C, flavonoid og antocyaninar i tillegg til nokre mineral.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.


Film om solbærdyrking

I filmen under (lengde 2:59) får du eit innblikk i solbærdyrkinga på Mølstad gard i Innlandet. Du lærer meir om helseeffekten av bæra og korleis dei kan lagast til på freistande, sunne måtar året rundt.

Solbærdyrking på Mølstad gard. Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Ribes nigrum
engelsk: blackcurrant
tysk: Schwarze Johannisbeere
fransk: cassis

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist oppdatert 25.02.2026