Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Bær

Fagstoff

Stikkelsbær

Stikkelsbær er i slekt med rips og solbær, men er mykje større og heng ikkje i klasar. Dei kjem opphavleg frå Kaukasus og det vestlege Afrika.

Dyrking og lagring

I Norden tok ein til å dyrke stikkelsbær frå 1600-talet av. Bær som skal nyttast til syltetøy og gelé, bør vere hausta umodne, mens bær som skal nyttast til dessert eller frysast, bør vera meir modne. Stikkelsbær finst i mange villahagar, men det er liten kommersiell produksjon i Noreg.

Den norske sesongen varer frå juli til august. Stikkelsbær bør lagrast tørt og så nær 0 gradar som mogleg. Haldbarheita er ganske god ved oppbevaring mellom 0 og 1 gradar.

Utsjånad og smak

Stikkelsbær kan variere noko i utsjånad. Fasongen kan vere rund, men òg noko avlang, og skalet varierer frå nesten glatt til hårete.

Stikkelsbær finst både som grøne, gule, raude og purpurfarga, og smaken er søt og litt syrleg.

Bruksområde

Stikkelsbær et vi naturell. Dei er veleigna til å lage gelé, saft og syltetøy av. Dei kan òg nyttast i paiar og kaker og er nydelege som garnityr til kjøtt- og fiskerettar. Stikkelsbær kan frysast.

Kvalitetskrav

Stikkelsbær skal vere velutvikla og jamne i storleiken. Dei skal vere heile, utan sprekker, trykkskadar, mjuke flekker eller andre skadar.

Næringsinnhald

Stikkelsbær inneheld vitamin A og C.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Med andre ord

Latin: Ribes uva-crispa
Engelsk: gooseberry
Tysk: Stachelbeere
Fransk: groseilles à maquereau

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist oppdatert 25.02.2026