Physalis

Eigenskapar og lagring
Physalis, eller ananaskirsebær som det òg blir kalla, er eit oransjegult bær med glatt skal. Fruktkjøttet har ein saftig, geléaktig konsistens med mange ørsmå, kvite frø. Smaken er søtsyrleg og frisk med ein snerpande ettersmak.
Physalis kan dyrkast i veksthus i kalde strøk og er tilgjengeleg i butikk heile året. Bæra bør oppbevarast svalt (helst mellom 12 til 16 gradar) og verna mot fukt. I rett lagringsklima har physalis lang haldbarheit.
Bruksområde

Physalis blir etne naturelle etter at hamsen er trekt tilbake. Ta deretter bæret og vri rundt. Physalis blir mykje brukt som pynt på ostefat, kaker og dessertar. Det kan varmast i sukkerlake og serverast til is, og det er godt i fruktsalat. Prøv gjerne physalis saman med sjokolade.
Kvalitetskrav
Physalis skal ha eit oransjegult skal når det er modent. Hamsen skal vere tørr og lysfarga. Bæra skal ikkje ha teikn til soppangrep eller misfarging.
Næringsinnhald
Physalis inneheld noko vitamin A, B og C og noko mineral.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Med andre ord
Latin: Physalis peruviana
Engelsk: cape gooseberry
Tysk: Kapstachelbeere, Ananaskirsche
Fransk: alkekenge, physalis