Rips

Typar og lagring
Rips finst som røde, gule og kvite bær, men det er dei raude og kvite som er dei vanlegaste hos oss. Den raude ripsen har ein noko friskare og syrleg smak enn den kvite.
Sylting av rips har vore kjend frå 1600-talet, og på 1700-talet var buskane svært utbreidde i landet vårt. I norske hagar finst det svært mange ripsbuskar, men det er liten kommersiell produksjon. Rips inneheld stoffet pektin, som gjer at dei eignar seg til gelé og sylting.
Den norske sesongen strekker seg frå juli til august. Rips har betre haldbarheit enn dei fleste andre bærsortar. For å unngå at dei blir blaute, bør vi lagre rips tørt og så nær 0 gradar som mogleg, helst mellom 0 og 1 gradar.
Bruksområde

Rips kan etast naturelle til dessert med sukker og vaniljesaus, til is eller med mjølk. Rips kan òg brukast til syltetøy, saft og gelé anten åleine eller saman med andre bær. Rips er godt i pai saman med andre bær. Rips blir òg brukt som pynt på kaker eller kakefyll. Rips kan frysast.
Kvalitetskrav
Rips skal vere velutvikla, velfarga, tørre og reine. Dei skal henge på stilken og skal ikkje ha trykkskadar eller flekkar.
Næringsinnhald
Rips inneheld ein god del vitamin C og mineral.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Med andre ord
Latin: Ribes (rubrum)
Engelsk: red currant
Tysk: Rote Johannisbeere
Fransk: groseille