Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Bær

Fagstoff

Bjørnebær

Bjørnebær er i form og fasong ei blanding av bringebær og molter, men fargen er frå mørk fiolett til nesten svart. Smaken er òg litt mindre søt enn hos andre bærtypar. Bjørnebær veks vilt i Nord-Europa, Asia og Amerika. Sjølv sør i Noreg kan vi finne viltveksande bjørnebær.

Typar og lagring

Mens bringebær losnar frå bærtappen ved modning og er hole inni, er bærtappen fast i bjørnebæret òg etter modning. Både bær og bærtapp skal etast. Det finst fleire variantar av bjørnebær når det gjeld form, farge og storleikar.

Den norske sesongen varer frå august til september. Friske bjørnebær har kort haldbarheit og eignar seg ikkje til oppbevaring. Dei bør frysast om dei ikkje blir brukte i løpet av få dagar. Om dei ikkje blir frosne, bør vi oppbevare dei mellom 0 og 2 gradar.

Bruksområde

Bjørnebær passar godt som tilbehøyr til is eller yoghurt. Fruktsalat med bjørnebær er òg nydeleg. Bjørnebær eignar seg òg til terte, kake og pai. Dei kan dessutan etast naturelle med litt sukker og fløte eller bli varma og etne med is.

Kvalitetskrav

Bjørnebær har ofte betre haldbarheit enn andre bærvariantar. Dei skal ha jamn mørk farge med blank og frisk utsjånad utan antyding til skadar.

Næringsinnhald

Bjørnebær er fiberrike og har eit høgt innhald av vitamin A og C.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Med andre ord

Latin: Rubus fruticosus
Engelsk: blackberry
Tysk: Brombeere
Fransk: la mûre

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist oppdatert 25.02.2026