Molter

Hausting og lagring

Mange reknar molta som dronninga av dei viltveksande bæra. Den norske sesongen strekker seg frå august til september. Det er viktig at bæra ikkje blir plukka for tidleg, men ferdig modna om hausten for at konsistens og smak skal vere riktig utvikla. Friske molter blir for det meste selde i spann.
Molter inneheld benzosyre. Dette gjer dei nærast sjølvkonserverande. Det betyr at dei kan vere lagra lenge. Bæra bør oppbevarast så nær 0 gradar som mogleg (helst mellom 0 og 1 grad), slik at dei ikkje begynner å gjære. Molter er ømtolige for all slags behandling, og dei blir fort blaute.
Bruksområde

Molter blir etne naturelle med fløyte og sukker eller som moltekrem. Molter kan òg brukast som kakefyll, i fromasj, pai eller som syltetøy. Molter kan gjerne frysast ned for seinare bruk.
Kvalitetskrav
Friske molter skal vere reine og modne med god gulfarge. Det skal ikkje vere gjæring, mugg eller rote.
Næringsinnhald
Molter inneheld vitamin A og C og mineral.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Med andre ord
Latin: Rubus chamaemorus
Engelsk: cloudberries
Tysk: Moltebeeren
Fransk: plaquebière