Tyttebær

Lagring

Tyttebær har ein litt syrleg og beisk smak som kjem av innhaldet av benzosyre. Denne syra gjer òg at tyttebæra har god haldbarheit utan konserveringsmiddel. Den norske sesongen strekker seg frå august til oktober. Tyttebær eignar seg godt til frysing.
Bruksområde
Den relativt beiske smaken gjer at bæra ikkje eignar seg til å ete naturelle. Tyttebær blir mest brukt rørte eller i syltetøy. Nyrørte tyttebær er ei delikatesse i kjøkkenet vårt og er nydeleg til kjøttrettar og vilt. Tyttebær kan òg brukast til å lage saft, i bakverk og dessertar. Trollkrem er ein nydeleg dessert som blir laga av tyttebær, sukker og eggekvite. Bæra er svært dekorative og kan brukast i dekorasjonar.
Kvalitetskrav

Tyttebær skal vere raude, reine, tørre og modne. Tyttebær skal ikkje vere blaute, ha mørke flekker eller mekaniske skadar.
Næringsinnhald
Tyttebær inneheld noko vitamin C.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.