Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Jordbær

Jordbær slik vi kjenner dei i dag, er eit resultat av ein lang prosess med kryssing av ulike viltveksande jordbærplantar. Jordbær har vore kjende som ville markjordbær i Europa sidan romartida, men kommersiell dyrking kom i gang på byrjinga av 1800-talet.

Typar og lagring

Ei krysning mellom dei beste jordbærplantane frå Nord- og Sør-Amerika og dei beste europeiske artane har gitt oss dei store, sterktduftande og saftige jordbæra slik vi kjenner dei i dag.

Ei vidareutvikling av jordbærplanten har ført til at vi i dag har tusenvis av jordbærvariantar med forskjellig smak, storleik og haldbarheit. Dei forskjellige variantane tilfredsstiller dessutan ulike klimatiske tilhøve i dyrkarlanda. Eigentleg er jordbæret ein oppsvulma blomsterbotn som inneheld bitte små jordbærfrø som botanisk sett er nøtter.

Jordbær blir dyrka både utandørs og innandørs i veksthus. Den norske sesongen strekker seg frå mai til august. Jordbær har kort haldbarheit. Vi kan oppbevare dei i kjøleskap i nokre dagar, men bør helst fryse dei. Bæra bør ha romtemperatur ved servering – då smaker de best.

Bruksområde

Jordbær et vi , og dei er gode saman med mjølk, fløyte, rømme og kanskje litt sukker. Jordbær kan mellom anna nyttast som kakepynt eller kakefyll, i fruktsalat, i milkshake, til iskrem eller til sylting. Jordbær kan frysast.

Kvalitetskrav

Jordbær skal vere tørre, friske, heile og blanke utan teikn til trykkskadar eller rote. Dei bør ha utvikla ein god og jamn farge og ha stilken og begerblada på plass. Form og storleik varierer mykje mellom dei ulike variantane, men alle bæra i same korga bør vere nokolunde jamne.

Næringsinnhald

Djupraude, friske jordbær inneheld store mengder næringsstoff kalla fenolar. Fenolar er av dei kraftigaste av dei kjende antioksidantane og har i ei rekke forsøk vist seg å verne cellestrukturen i kroppen mot skadar frå såkalla frie radikal. Det unike innhaldet av fenolar i jordbær har vist seg å vere nyttig for å verne hjartet, og det vernar mot betennelsar. Utanom dette er jordbær kalorifattige og inneheld jern og kalsium. Dei inneheld òg mykje vitamin C0 og noko vitamin A.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om jordbær

I filmen under (lengde 1:54) kan du lære meir om jordbær og få tips til korleis dei kan bli laga til.

Interessant og nyttig å vite om jordbær. Video: Opplysningskontoret for frukt og grønt / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Fragraria x ananassa
engelsk: strawberries
tysk: Erdbeere
fransk: fraises

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist oppdatert 25.02.2026