Blåbær

Utbreiing og typar

Blåbær veks vilt i Europa, det vestlege Asia og i Rocky Mountains i det vestlege Nord-Amerika. Blåbær er ein av Noregs vanlegaste plantar. Den norske blåbærsesongen strekker seg frå juli til september. Ved lagring ned mot 0 gradar, helst mellom 0 til 1 grad, kan bæra oppbevarast i fleire dagar. Dei held seg dårlegare om temperaturen er høgare.
Mest omsett i varehandelen er blåbær dyrka på buskar, eller såkalla hageblåbær. Samanlikna med skogblåbær er hageblåbæra større, søtare og med ein mildare aroma. Dei har berre blåfarge i skinnet, så ein blir ikkje så blå på tunga av å ete hageblåbær.
Bruksområde

Blåbær blir etne friske som mellommåltid eller som dessert saman med mjølk og sukker. Blåbær kan òg brukast til fruktsalatar, blåbærpai og i frukostblandingar. Det er gammal tradisjon i Noreg å lage saft og syltetøy av skogblåbær. Blåbærsaft er nydeleg som drikke, og blåbærsyltetøy er ofte ein favoritt på pannekaker og vaflar. Dei kan òg frysast.
Kvalitetskrav
Blåbær skal ha mørk blå farge på skalet, dei skal vere blanke, tørre og faste. Bæra skal ikkje vere blaute eller ha teikn til innskrumping.
Næringsinnhald
Blåbær er svært rike på flavonoid, som er ein antioksidant. Blåbær er faktisk på fem på topp-lista over matvarer med mykje antioksidantar. I tillegg blir det sagt at ekstrakt frå blåbær kan forseinke aldringsprosessen og gjere hjernen klarere. Det finst òg studiar som viser at blåbær kan motverke kreft og senke innhaldet av kolesterol i blodet.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Med andre ord
Latin: Vaccinium myrtillus
Engelsk: blueberries
Tysk: Blaubeeren
Fransk: myrtilles