Tranebær

Typar og lagring
Tranebær blir ikkje dyrka i Noreg, men blir importerte og er tilgjengelege i butikk heile året. Det finst òg viltveksande tranebær i Noreg, men dei amerikanske bæra som blir omtalte her, har ein søtare og meir delikat smak enn dei nordiske. Bæra som blir importerte frå Amerika og Canada, er større enn tyttebær og kan bli opptil to cm i diameter. Fasongen er rund eller oval, og fargen kan variere frå lysare raud til mørk raud. Fruktkjøttet er kvitrosa, og smaken er frisk og syrleg og minner om tyttebær. Bruksområda er dei same som for tyttebær.
Tranebær er eit av dei mest lagringsdyktige bæra som finst, og dei kan halde seg i fleire månader ved rett lagring. Pass på at dei held seg tørre, utan teikn til mugg og andre skadar. Tranebær bør helst oppbevarast mellom 0 til 4 gradar.
Bruksområde

Tranebær blir ikkje etne naturelle fordi dei har ein hard konsistens og syrleg smak. Tranebær har omtrent same bruksområde som tyttebær og kan kokast og brukast i paiar eller sorbéar. Av tranebær kan vi lage syltetøy, gelé, chutney og saus. Syltetøyet er nydeleg til kalkun. Vi kan òg bruke tranebær i patéar, brød og muffins. Tranebær eignar seg godt til frysing, og etter tining ser dei like gode ut som om dei var nyhausta.
Næringsinnhald
Tranebær er proppfulle av antioksidantar (inkludert vitamin C) og mineral. Tranebær blir òg brukte i førebygging og behandling av urinvegsinfeksjonar. Det blir i tillegg sagt at tranebær hemmar bakterien som forårsakar magesår, og at dei motverkar viruset som gir omgangssjuke.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Med andre ord
Latin: Vaccinium subg. Oxycoccus
Engelsk: cranberry
Tysk: Kranichbeere
Fransk: canneberge